1. søndag i fastetiden
GT
Du skal være herre over synden
1Mos 4,1-7
4:1Adam var saman med Eva, kona si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein mann med hjelp frå Herren.» 2Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, medan Kain vart jordbrukar. 3Då det hadde gått ei tid, bar Kain fram eit offer til Herren av grøda frå jorda. 4Abel bar òg fram eit offer, av dei førstefødde dyra i flokken sin og av det beste fettet deira. Herren såg med velvilje på Abel og offeret hans. 5Men på Kain og offeret hans såg han ikkje med velvilje. Då vart Kain brennande harm, og andletet hans fall. 6Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor fell andletet ditt? 7Er det ikkje slik at om du gjer det gode, kan du lyfte andletet? Men gjer du ikkje det gode, ligg synda på lur ved døra. Ho ønskjer å råda over deg, men du skal herska over henne.»
Brev
Ingen overmenneskelig fristelse
1Kor 10,10-13
10:10Knurra heller ikkje, slik nokre av dei knurra og gjekk til grunne ved øydeleggaren. 11Alt dette hende dei som førebilete, og det vart skrive ned til formaning for oss, som tidene sin ende har nådd fram til. 12Difor, den som meiner han står, han sjå til at han ikkje fell! 13Ingen freisting har kome over dykk som ikkje menneske kan tola. Og Gud er trufast; han vil ikkje la dykk verta freista over evne, men saman med freistinga vil han òg gje ein utveg, så de kan halda ut.
Evangelium
Om lidelsen og Peters protest
Matt 16,21-23
16:21Frå den tid tok Jesus til å forklara for læresveinane sine at han måtte gå til Jerusalem og lida mykje vondt av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde, og bli drepen, og på den tredje dagen stå opp att. 22Då tok Peter han til sides og tok til å tala han til rette: «Gud forby det, Herre! Dette skal aldri henda deg!» 23Men Jesus snudde seg og sa til Peter: «Gå bak meg, Satan! Du er ei snublefelle for meg, for du har ikkje tankar frå Gud, men frå menneske.»