søndag 21. februar 2027

2. søndag i fastetiden

Rekkje II
GT

Oppgjør etter syndefallet

1Mos 3,8-15

3:8Dei høyrde lyden av Herren Gud som vandra i hagen i den svale kveldsvinden, og mannen og kona hans gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9Men Herren Gud ropa på mannen og sa til han: «Kvar er du?» 10Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd, for eg er naken. Difor gøymde eg meg.» 11Då sa han: «Kven har fortalt deg at du er naken? Har du ete av treet som eg forbaud deg å eta av?» 12Mannen svara: «Kvinna som du sette hos meg, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen lokka meg, og eg åt.» 14Då sa Herren Gud til slangen: «Fordi du har gjort dette, skal du vera forbanna framfor alt feet og alle dei ville dyra. På buken skal du krypa, og støv skal du eta alle dagar i livet ditt. 15Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka deg i hovudet, og du skal råka han i hælen.»
Brev

Fall og rettferdighetens gave

Rom 5,17-19

5:17For om døden rådde på grunn av fallet til den eine, kor mykje meir skal ikkje dei som tek imot den rike nåden og rettferdsgåva, få råda i livet ved den eine, Jesus Kristus. 18Altså, liksom eitt fall førte til fordøming for alle menneske, så fører òg ei rettferdig gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19For liksom dei mange vart gjorde til syndarar på grunn av ulydnaden til det eine mennesket, så skal òg dei mange bli gjorde rettferdige på grunn av lydnaden til den eine.
Evangelium

Hun som fikk syndene tilgitt

Luk 7,36-50

7:36Ein av farisearane bad han eta saman med seg. Han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. 37Og sjå, det var ei kvinne i byen som var ei synderinne. Då ho fekk vita at han låg til bords i huset til farisearen, kom ho med ei alabastkrukke med salve. 38Ho stod bak han ved føtene hans og gret. Ho byrja å væta føtene hans med tårene sine og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og salva dei med salven. 39Då farisearen som hadde bede han, såg dette, tenkte han med seg sjølv: «Var denne mannen ein profet, ville han vita kva for ei kvinne dette er som rører ved han, at ho er ei synderinne.» 40Jesus svara han og sa: «Simon, eg har noko å seia deg.» Han sa: «Sei det, meister.» 41«Ein som lånte ut pengar, hadde to skuldnarar. Den eine skulda fem hundre denarar, den andre femti. 42Då dei ikkje kunne betala, ettergav han gjelda til begge. Kven av dei vil då elska han høgast?» 43Simon svara: «Eg tenkjer det var den som fekk mest ettergitt.» Han sa til han: «Du dømde rett.» 44Så snudde han seg mot kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i huset ditt, og du gav meg ikkje vatn til føtene. Men ho har vætt føtene mine med tårer og tørka dei med håret sitt. 45Du gav meg ikkje noko kyss. Men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt sidan eg kom inn. 46Du salva ikkje hovudet mitt med olje. Men ho har salva føtene mine med velluktande salve. 47Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, for ho har vist stor kjærleik. Men den som får lite tilgjeve, elskar lite.» 48Så sa han til henne: «Syndene dine er tilgjevne.» 49Då byrja dei som sat til bords med han, å seia med seg sjølve: «Kven er denne som til og med tilgjev synder?» 50Men han sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred.»
← Alle lesetekstar