søndag 7. mars 2027

4. søndag i fastetiden

Rekkje II
GT

Kobberslangen

4Mos 21,4-9

21:4Så braut dei opp frå fjellet Hor og tok vegen mot Raudehavet for å gå rundt Edom-landet. Men folket vart utolmodige på vegen. 5Folket tala imot Gud og imot Moses: «Kvifor førte du oss opp frå Egypt for å døy i øydemarka? Det finst ikkje brød og ikkje vatn, og vi er leie av denne usle maten.» 6Då sende Herren giftige slangar mellom folket, og dei beit folket, så mange israelittar døydde. 7Folket kom til Moses og sa: «Vi har synda, for vi har tala imot Herren og imot deg. Be til Herren at han tek slangane bort frå oss!» Så bad Moses for folket. 8Herren sa til Moses: «Lag deg ein giftslange og set han på ei stong. Alle som er bitne og ser på han, skal leva.» 9Så laga Moses ein koparslange og sette han på ei stong. Og når ein slange hadde bite nokon og dei såg på koparslangen, fekk dei leva.
Brev

Forsoningens tjeneste

2Kor 5,18-21

5:18Men alt dette er frå Gud, som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19For det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har betrudd oss forsoningsordet. 20Så er vi då utsendingar for Kristus, og det er som om Gud formanar gjennom oss. Vi bed på Kristi vegner: Lat dykk forsona med Gud! 21Han som ikkje kjende til synd, han gjorde Gud til synd for oss, så vi skulle bli Guds rettferd i han.
Evangelium

Så høyt har Gud elsket verden

Joh 3,11-16

3:11Sanneleg, sanneleg seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vi vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12Når eg har tala til dykk om det jordiske og de ikkje trur, korleis kan de då tru om eg talar til dykk om det himmelske? 13Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskesonen. 14Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, 15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16For så høgt elska Gud verda at han gav den einborne Sonen sin, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
← Alle lesetekstar