Palmesøndag
GT
Bønnens hus for alle folk
Jes 56,6-8
56:6Og dei framande som har slutta seg til Herren for å tena han, for å elska Herrens namn og vera tenarane hans, alle som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og som held fast ved pakta mi – 7dei vil eg føra til mitt heilage fjell og gje dei glede i mitt bønehus. Brennoffera og slaktoffera deira skal vera til hugnad på altaret mitt, for huset mitt skal kallast eit bønehus for alle folk. 8Så lyder ordet frå Herren Gud, han som samlar dei fordrivne av Israel: Endå fleire vil eg samla til dei som alt er samla.
Brev
Rettferdighet ved troen
Rom 3,21-26
3:21Men no er Guds rettferd openberra utan lova, ei rettferd som lova og profetane vitnar om, 22Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus, til alle som trur. For det er ingen skilnad, 23alle har synda og manglar Guds herlegdom. 24Dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus. 25Gud stilte han fram som soningsoffer ved tru, i hans blod, til å visa si rettferd. For han hadde bore over med syndene som var gjorde før, i sitt tolmod, 26for å syna si rettferd i den tida som no er, så han sjølv er rettferdig og rettferdiggjer den som har tru på Jesus.
Evangelium
Jesus salves
Matt 26,6-13
26:6Medan Jesus var i Betania, i huset til Simon den spedalske, 7kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve, og ho helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords. 8Då læresveinane såg det, vart dei harme og sa: «Kva skal dette sløseriet tena til? 9Denne salven kunne vore seld for mykje pengar og gjeve til dei fattige.» 10Men Jesus visste det og sa til dei: «Kvifor plagar de kvinna? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. 11Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. 12Då ho helte denne salven over kroppen min, gjorde ho det for å førebu meg til gravferda. 13Sanneleg seier eg dykk: Kvar enn dette evangeliet vert forkynt i heile verda, skal det som ho gjorde, òg forteljast til minne om henne.»