Skjærtorsdag
GT
Den nye pakt
Jer 31,31-34
31:31Sjå, dagar kjem, seier Herren, då eg skal gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus. 32Ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt – den pakta braut dei, endå eg var deira ektemann, seier Herren. 33Men dette er pakta eg skal gjera med Israels hus etter desse dagane, seier Herren: Eg legg lova mi i deira indre og skriv henne på hjarta deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. 34Då skal ingen lenger læra sin neste eller sin bror og seia: Kjenn Herren! For alle skal kjenna meg, frå den minste til den største, seier Herren. For eg vil tilgje skulda deira og ikkje lenger minnast synda deira.
Brev
Frimodighet og bekjennelse
Hebr 10,19-25
10:19Så har vi då, søsken, frimod til å gå inn i heilagdomen ved Jesu blod. 20Han har opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia kroppen sin. 21Og vi har ein stor prest over Guds hus. 22Så lat oss stiga fram med ærleg hjarte i full trusvisse, med hjarta reinsa frå vondt samvit og kroppen vaska med reint vatn. 23Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast. 24Og lat oss gje akt på kvarandre så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. 25Lat oss ikkje halda oss borte frå forsamlinga vår, slik somme har for vane, men lat oss oppmuntra kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.
Evangelium
Nattverden
Luk 22,14-23
22:14Då timen kom, sette han seg til bords saman med apostlane. 15Han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet med dykk før eg skal lida. 16For eg seier dykk: Eg skal ikkje eta det meir før det vert fullenda i Guds rike.» 17Så tok han eit beger, takka og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18For eg seier dykk: Frå no av skal eg ikkje drikka av frukta frå vintreet før Guds rike kjem.» 19Så tok han eit brød, takka, braut det og gav dei og sa: «Dette er lekamen min, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakta i blodet mitt, som vert aust ut for dykk.» 21«Men sjå, handa til den som svik meg, er her med meg ved bordet. 22For Menneskesonen går bort slik det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!» 23Då tok dei til å spørja kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.