fredag 26. mars 2027

Langfredag

Rekkje I
Evangelium

Lidelsesberetningen

Matt 26,30-27,50

26:30Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31Då sa Jesus til dei: «I denne natta skal de alle falla frå meg. For det står skrive: 'Eg skal slå gjetaren, og sauene i flokken skal spreiast.' 32Men etter at eg har stått opp, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 33Peter svara han: «Om så alle fell frå deg, skal eg aldri falla frå.» 34Jesus sa til han: «Sanneleg seier eg deg: I denne natta, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» 35Peter sa til han: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle læresveinane. 36Så kom Jesus med dei til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til læresveinane: «Sit her medan eg går bort dit og bed.» 37Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å kjenna sorg og uro. 38Då sa han til dei: «Sjela mi er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39Han gjekk eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det mogleg, så lat denne kalken gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40Han kom tilbake til læresveinane og fann dei sovande. Då sa han til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kroppen er veik.» 42Så gjekk han bort andre gongen og bad: «Far, om denne kalken ikkje kan gå forbi utan at eg drikk han, så lat viljen din skje.» 43Då han kom tilbake, fann han dei sovande att, for auga deira var tunge av svevn. 44Han let dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45Så kom han til læresveinane og sa til dei: «Søv de enno og kviler? Sjå, timen er komen, og Menneskesonen skal gjevast over i hendene på syndarar. 46Stå opp, lat oss gå! Sjå, han som svik meg, er nær.» 47Medan han enno tala, kom Judas, ein av dei tolv. Med han var ein stor flokk med sverd og stokkar, utsende frå overprestane og dei eldste i folket. 48Svikaren hadde avtalt eit teikn med dei: «Den eg kysser, det er han. Grip han!» 49Straks gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» Og han kyste han. 50Jesus sa til han: «Ven, gjer det du er komen for!» Då steig dei fram, la hand på Jesus og greip han. 51Ein av dei som var med Jesus, rette ut handa, drog sverdet sitt og hogg etter tenaren til øvstepresten og hogg av øyret hans. 52Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt på plass att! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd. 53Eller trur du ikkje eg kan be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar med englar? 54Men korleis skulle då Skriftene oppfyllast, som seier at dette må skje?» 55I same stunda sa Jesus til folkehopen: «De har kome ut med sverd og stokkar for å gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg i tempelet og lærte, og de greip meg ikkje. 56Men alt dette har hendt for at skriftene til profetane skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og flykta. 57Dei som hadde gripe Jesus, førte han til øvstepresten Kaifas, der dei skriftlærde og dei eldste hadde samla seg. 58Peter følgde etter på avstand heilt til garden til øvstepresten. Han gjekk inn og sette seg mellom vaktene for å sjå korleis det enda. 59Overprestane og heile Rådet leita etter falske vitnemål mot Jesus for å kunna døma han til døden. 60Men dei fann ikkje noko, endå mange falske vitne steig fram. Til sist kom det to fram 61og sa: «Denne mannen har sagt: 'Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.'» 62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Svarar du ikkje? Kva er det desse vitnar mot deg?» 63Men Jesus tagde. Øvstepresten sa til han: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud: Sei oss om du er Messias, Guds Son!» 64Jesus svara: «Du har sagt det. Men eg seier dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Makta og koma på himmelskyene.» 65Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No har de høyrt gudsspottinga. 66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til døden.» 67Då spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Nokre slo han med flat hand 68og sa: «No kan du profetere for oss, Messias! Kven var det som slo deg?» 69Peter sat ute i garden. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du var òg med Jesus frå Galilea.» 70Men han nekta framfor alle og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» 71Då han gjekk ut i porten, fekk ei anna jente auge på han og sa til dei som stod der: «Han var med Jesus frå Nasaret.» 72Og igjen nekta han og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen.» 73Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei! Dialekten din avslører deg.» 74Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og straks gol hanen. 75Då minntest Peter det ordet Jesus hadde sagt: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt. 27:1Då det vart morgon, samla alle overprestane og dei eldste i folket seg til rådslagning mot Jesus for å få han dømd til døden. 2Dei batt han, førte han bort og overgav han til landshovdingen Pilatus. 3Då Judas, han som hadde svike han, såg at Jesus var dømd, angra han og bar dei tretti sølvpengane tilbake til overprestane og dei eldste. 4Han sa: «Eg har synda og svike uskuldig blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det får du sjølv svara for.» 5Då kasta han sølvpengane inn i tempelet og gjekk bort og hengde seg. 6Overprestane tok pengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista, for det er blodpengar.» 7Etter å ha rådslege seg imellom kjøpte dei Pottemakaråkeren for pengane, til gravplass for framande. 8Difor blir denne åkeren kalla Blodåkeren den dag i dag. 9Då vart det oppfylt som er tala gjennom profeten Jeremia: «Dei tok dei tretti sølvpengane, den prisen som Israels born hadde sett på han, 10og dei gav dei for pottemakaråkeren, slik som Herren hadde pålagt meg.» 11Jesus vart ført fram for landshovdingen, og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» Jesus svara: «Du seier det.» 12Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingar mot han, svara han ikkje eit ord. 13Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alt det dei vitnar mot deg?» 14Men han svara ikkje på eit einaste ord, så landshovdingen undra seg storleg. 15No var det skikk at landshovdingen kvar høgtid gav ein fange fri, den som folket ville ha. 16På den tida hadde dei ein velkjend fange som heitte Jesus Barabbas. 17Då folket var samla, spurde Pilatus dei: «Kven vil de eg skal gje dykk fri, Jesus Barabbas eller Jesus, han som blir kalla Kristus?» 18For han visste at det var av misunning dei hadde overgitt han. 19Medan han sat på domarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera! For eg har lidd mykje i dag i ein draum på grunn av han.» 20Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas fri og Jesus drepen. 21Landshovdingen tok då til orde og spurde dei: «Kven av dei to vil de eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!» 22Pilatus sa til dei: «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Kristus?» Alle svara: «Lat han bli krossfest!» 23Han spurde: «Kva vondt har han då gjort?» Men dei ropa berre endå høgare: «Lat han bli krossfest!» 24Då Pilatus såg at ingenting hjelpte, men at uroa berre auka, tok han vatn og vaska hendene framfor folket og sa: «Eg er uskuldig i dette blodet. Det får de sjølve svara for.» 25Og heile folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre!» 26Då gav han dei Barabbas fri, men Jesus let han piska og overgav han til å bli krossfest. 27Soldatane til landshovdingen tok då Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken rundt han. 28Dei kledde av han og hengde ei skarlaksraud kappe på han. 29Dei fletta ein krans av tornekvistar og sette han på hovudet hans, og dei gav han ein stav i høgre handa. Så fall dei på kne framfor han og hånte han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!» 30Dei spytta på han, tok staven og slo han i hovudet. 31Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og kledde han i hans eigne klede. Så førte dei han bort for å krossfesta han. 32På vegen ut møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon. Dei tvinga han til å bera krossen hans. 33Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden – 34gav dei han vin blanda med galle å drikka. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35Då dei hadde krossfest han, delte dei kleda hans mellom seg ved loddtrekning. 36Så sette dei seg der og heldt vakt over han. 37Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.» 38Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre sida og ein på venstre. 39Dei som gjekk forbi, spotta han og rista på hovudet 40og sa: «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar – frels deg sjølv! Er du Guds Son, så stig ned frå krossen!» 41På same måten hånte overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42«Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge! Lat han stiga ned frå krossen no, så skal vi tru på han. 43Han har sett si lit til Gud. Lat no Gud berga han om han vil ha han! Han har då sagt: Eg er Guds Son.» 44På same måten vart han også spotta av røvarane som var krossfeste saman med han. 45Frå den sjette timen vart det mørker over heile landet, og det vara til den niande timen. 46Og ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eli, Eli, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48Straks sprang ein av dei bort og tok ein svamp, fylte han med vineddik, sette han på ein stav og gav han å drikka. 49Men dei andre sa: «Vent, lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50Men Jesus ropa igjen med høg røyst og anda ut.
← Alle lesetekstar