søndag 28. mars 2027

Påskedag

Rekkje II
GT

Den som bringer gledesbud

Jes 52,7-10

52:7Kor fagre er på fjella føtene til den som kjem med gledebod, som forkynner fred, som ber fram godt bodskap, som forkynner frelse, som seier til Sion: «Din Gud er konge!» 8Vaktarane dine lyfter røysta, dei jublar saman! For dei ser det med eigne augo når Herren vender attende til Sion. 9Bryt ut i jubel saman, de ruinar i Jerusalem! For Herren har trøysta folket sitt, han har løyst ut Jerusalem. 10Herren har bert sin heilage arm for augo på alle folkeslag, og alle endar av jorda har sett frelsa frå vår Gud.
Brev

Herre over levende og døde

Rom 14,7-9

14:7For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. 8Om vi lever, lever vi for Herren, og om vi døyr, døyr vi for Herren. Anten vi lever eller døyr, høyrer vi Herren til. 9For det var difor Kristus døydde og vart levande att, at han skulle vera Herre over både døde og levande.
Evangelium

Jesus står opp

Matt 28,1-10

28:1Etter sabbaten, då det lysna mot den første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2Då vart det eit kraftig jordskjelv, for ein engel frå Herren steig ned frå himmelen, gjekk fram og rulla steinen bort og sette seg på han. 3Utsjånaden hans var som lyn, og kleda hans var kvite som snø. 4Vaktmennene skalv av redsle for han og vart som døde. 5Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6Han er ikkje her, for han har stått opp, slik som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han har stått opp frå dei døde, og sjå, han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han. No har eg sagt det til dykk.» 8Dei skunda seg bort frå grava med redsle og stor glede, og sprang for å fortelja det til læresveinane hans. 9Då kom Jesus mot dei og sa: «Ver helsa!» Dei gjekk fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10Då sa Jesus til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
← Alle lesetekstar