søndag 4. april 2027

2. søndag i påsketiden

Rekkje II
GT

Enda en gang vil jeg bygge deg

Jer 31,1-6

31:1På den tida, seier Herren, skal eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2Så seier Herren: Folket som slapp unna sverdet, fann nåde i øydemarka. Eg gjekk for å gje Israel kvile. 3Frå det fjerne synte Herren seg for meg: Med evig kjærleik har eg elska deg, difor dreg eg deg til meg med miskunn. 4Eg skal byggja deg opp att, og du skal bli bygd, jomfru Israel. Du skal atter pynta deg med trommene dine og gå ut i dansen med dei som feirar. 5Du skal atter planta vinmarker på Samaria-fjella. Dei som plantar, skal planta og få nyta frukta. 6For det kjem ein dag då vaktmenn ropar på Efraim-fjellet: Kom, lat oss gå opp til Sion, til Herren vår Gud!
eller
Apostlane

Løftet om Ånden

Apg 1,1-5

1:1I den første boka mi skreiv eg om alt det Jesus tok til å gjera og læra, Teofilus, 2heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen, etter at han ved Den Heilage Ande hadde gjeve påbod til apostlane han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide, synte han seg levande for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om Guds rike. 4Medan han åt saman med dei, baud han dei at dei ikkje skulle fara bort frå Jerusalem, men venta på det Faderen hadde lova, det som de har høyrt om frå meg. 5For Johannes døypte med vatn, men de skal bli døypte med Den Heilage Ande om ikkje mange dagar.
Brev

Troen har seiret

1Joh 5,1-5

5:1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og kvar den som elskar Faderen, elskar òg den som er fødd av han. 2På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: når vi elskar Gud og held boda hans. 3For dette er kjærleiken til Gud, at vi held boda hans. Og boda hans er ikkje tunge, 4for alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og dette er sigeren som har vunne over verda: trua vår. 5Kven er det som sigrar over verda, om ikkje den som trur at Jesus er Guds Son?
Evangelium

Jesus og Peter

Joh 21,15-19

21:15Då dei hadde ete, sa Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» Han svara: «Ja, Herre, du veit at eg har deg kjær.» Jesus sa til han: «Fø lamma mine.» 16Så sa han til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» Han svara: «Ja, Herre, du veit at eg har deg kjær.» Jesus sa til han: «Gjet sauene mine.» 17Så sa han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart lei seg fordi Jesus spurde han tredje gongen: «Har du meg kjær?» Og han sa til han: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus sa til han: «Fø sauene mine.» 18Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du beltet om deg sjølv og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene dine, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil. 19Dette sa han for å peika på kva slags død Peter skulle herleggjera Gud med.
← Alle lesetekstar