3. søndag i påsketiden
GT
David – hyrde og fyrste
Esek 34,23-31
34:23Eg vil setja éin gjetar over dei, tenaren min David. Han skal gjeta dei og vera gjetaren deira. 24Og eg, Herren, skal vera deira Gud, og tenaren min David skal vera fyrste blant dei. Eg, Herren, har tala. 25Eg vil gjera ei fredspakt med dei og rydda ut dei farlege dyra frå landet, så dei kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane. 26Eg vil gjera dei og områda rundt haugen min til ei velsigning. Eg vil la regnet falla i rett tid – velsigningsregn skal det vera. 27Trea på marka skal bera frukt, og jorda skal gje avling. Dei skal bu trygt i landet sitt og kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene i åket deira og friar dei frå handa til dei som trælka dei. 28Dei skal ikkje lenger vera til rov for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Dei skal bu trygt, og ingen skal skremma dei. 29Eg vil reisa ein namngjeten planteplass for dei. Dei skal ikkje lenger rivast bort av svolt i landet og ikkje lenger bera spott frå folkeslaga. 30Då skal dei kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei, Israels hus, er mitt folk, seier Herren Gud. 31Og de, sauene mine, sauene på beitet mitt, de er menneske. Eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.
eller
Apostlane
Livets opphavsmann
Apg 3,12-21
3:12Då Peter såg det, sa han til folket: «Israelittar, kvifor undrar de dykk over dette? Kvifor stirar de på oss, som om vi med vår eiga kraft eller gudsfrykt hadde fått han til å gå?» 13Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, våre fedrar sin Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus, han som de gav over og fornekta framfor Pilatus, då han hadde bestemt seg for å setja han fri. 14De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar utlevert til dykk. 15Livets opphavsmann drap de, men Gud reiste han opp frå dei døde. Det er vi vitne om. 16Ved trua på namnet hans har namnet hans gjort denne mannen sterk, han som de ser og kjenner. Trua som kjem gjennom Jesus, har gjeve han denne fulle helsa framfor auga på dykk alle. 17Og no, sysken, eg veit at de handla i uvitenheit, liksom leiarane dykkar òg gjorde. 18Men det Gud på førehand hadde kunngjort gjennom munnen til alle profetane, at hans Messias skulle lida, det har han oppfylt på denne måten. 19Så angra og vend om, så syndene dykkar kan bli sletta ut. 20Då skal det koma tider med vederkveiing frå Herrens åsyn, og han skal senda den Messias som er utvald for dykk, Jesus. 21Han må himmelen ta imot til tida kjem då alt skal gjenopprettast, det som Gud har tala om gjennom sine heilage profetar frå eldgamle tider.
Brev
Den store hyrden
Hebr 13,20-21
13:20Må fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus, opp frå dei døde ved blodet i den evige pakta, 21gjera dykk fullt utrusta i alt godt til å gjera hans vilje, og verka i oss det som er til glede for han, ved Jesus Kristus. Ham vere æra i all æve! Amen.
Evangelium
Jeg er porten
Joh 10,1-10
10:1Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til sauekvea gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2Men den som går inn gjennom døra, er gjetaren til sauene. 3Portvaktaren opnar for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer ved namn og fører dei ut. 4Når han har fått alle sine eigne ut, går han føre dei, og sauene følgjer han fordi dei kjenner røysta hans. 5Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til framande. 6Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva det var han sa til dei. 7Då sa Jesus til dei på nytt: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er døra til sauene. 8Alle dei som kom før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. 9Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst. Han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10Tjuven kjem berre for å stela, slakta og øydeleggja. Eg har kome for at dei skal ha liv og overflod.