4. søndag i påsketiden
GT
Se, jeg skaper noe nytt
Jes 43,16-21
43:16Så seier Herren, han som la veg gjennom havet, ein sti gjennom veldige vatn, 17han som førte ut vogner og hestar, hær og krigarar. Saman ligg dei og reiser seg ikkje, dei slokna som ein veik og døydde ut. 18Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som var i gamle dagar. 19Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka, elvar i øyda. 20Villdyra på marka skal æra meg, sjakalar og strutsar, fordi eg gjev vatn i øydemarka, elvar i øyda, så mitt utvalde folk kan drikka. 21Det folket eg har forma for meg, skal forkynna mi ære.
eller
Apostlane
Saulus ved Damaskus
Apg 9,1-19
9:1Saulus anda enno av trugsmål og drap mot Herrens læresveinar og gjekk til øvstepresten 2og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne føra alle han fann som høyrde til Vegen, både menn og kvinner, bundne til Jerusalem. 3Medan han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen rundt han. 4Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa til han: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?» 5Han sa: «Kven er du, Herre?» Og han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer. 6Men reis deg og gå inn i byen, så skal det verta sagt deg kva du skal gjera.» 7Mennene som reiste saman med han, stod mållause. Dei høyrde lyden, men såg ingen. 8Saulus reiste seg frå jorda, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå noko. Dei leidde han ved handa og førte han inn i Damaskus. 9I tre dagar var han utan syn, og han korkje åt eller drakk. 10I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Herren sa til han i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11Herren sa til han: «Reis deg og gå til den gata som heiter Den beine, og spør i huset til Judas etter ein mann frå Tarsus som heiter Saulus. For sjå, han bed. 12Og han har sett i eit syn ein mann som heiter Ananias koma inn og leggja hendene på han, så han kan få synet att.» 13Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt frå mange om denne mannen, kor mykje vondt han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14Og her har han fullmakt frå øvsteprestane til å binda alle som kallar på ditt namn.» 15Men Herren sa til han: «Gå! For han er eit utvalt reiskap for meg til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels born. 16For eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn si skuld.» 17Då gjekk Ananias av stad og kom inn i huset. Han la hendene på han og sa: «Saul, bror, Herren har sendt meg – Jesus, han som synte seg for deg på vegen du kom – så du kan få synet att og verta fylt av Den Heilage Ande.» 18Og straks fall det noko som skjel frå auga hans, og han fekk synet att. Han stod opp og vart døypt. 19Og då han hadde fått mat, kom han til krefter att. Han vart verande nokre dagar hjå læresveinane i Damaskus.
Åp
Forlatt din første kjærlighet
Op 2,1-7
2:1Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos: Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går mellom dei sju gullysestakane: 2Eg kjenner gjerningane dine, strevet ditt og den uthaldande tolmoden din. Eg veit at du ikkje kan tola vonde menneske, og at du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du fann at dei var løgnarar. 3Du har tolmod og har halde ut for namnet mitt si skuld, og du har ikkje vorte trøytt. 4Men eg har dette imot deg: Du har forlate den første kjærleiken din. 5Kom difor i hug kvar du har falle ifrå, vend om og gjer dei første gjerningane! Elles kjem eg til deg og flyttar lysestaken din frå staden sin, om du ikkje vender om. 6Men dette har du: Du hatar gjerningane til nikolaittane, som eg òg hatar. 7Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
Evangelium
Et nytt bud: Elsk hverandre
Joh 13,30-35
13:30Då Judas hadde teke imot brødbiten, gjekk han straks ut. Og det var natt. 31Då han var gått ut, sa Jesus: «No er Menneskesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i han.» 32Er Gud herleggjord i han, skal òg Gud herleggjera han i seg sjølv, ja, snart skal han herleggjera han. 33Mine born, endå ei lita stund er eg hjå dykk. De skal leita etter meg, og som eg sa til jødane: 'Dit eg går, kan ikkje de koma', det seier eg no òg til dykk. 34Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35På dette skal alle kjenna at de er læresveinane mine: at de har kjærleik seg imellom.