torsdag 6. mai 2027

Kristi himmelfartsdag

Rekkje II
GT

Lik en menneskesønn

Dan 7,13-14

7:13Eg såg i nattsynene, og sjå, med skyene på himmelen kom ein som likna ein menneskeson. Han kom fram til Den gamle av dagar og vart ført fram for han. 14Han fekk herredøme, ære og rike, og alle folk, nasjonar og tungemål skal tena han. Herredømet hans er eit evig herredøme som ikkje skal forgå, og riket hans skal aldri gå til grunne.
eller
Apostlane

Jesus tas opp til himmelen

Apg 1,1-11

1:1I den første boka mi skreiv eg om alt det Jesus tok til å gjera og læra, Teofilus, 2heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen, etter at han ved Den Heilage Ande hadde gjeve påbod til apostlane han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide, synte han seg levande for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om Guds rike. 4Medan han åt saman med dei, baud han dei at dei ikkje skulle fara bort frå Jerusalem, men venta på det Faderen hadde lova, det som de har høyrt om frå meg. 5For Johannes døypte med vatn, men de skal bli døypte med Den Heilage Ande om ikkje mange dagar. 6Då dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det no du vil gjenreisa riket for Israel?» 7Han svara dei: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett av si eiga makt. 8Men de skal få kraft når Den Heilage Ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og i heile Judea og Samaria og heilt til enden av jorda.» 9Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort frå auga deira. 10Medan dei stod og stirte opp mot himmelen der han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede hjå dei. 11Dei sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus som vart teken opp frå dykk til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Brev

Ordet er nær i munn og hjerte

Rom 10,6-10

10:6Men rettferda som kjem av tru, seier: «Sei ikkje i hjarta ditt: Kven skal fara opp til himmelen?» – det vil seia å henta Kristus ned – 7eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen?» – det vil seia å føra Kristus opp frå dei døde. 8Men kva seier ho? «Ordet er nær deg, i munnen din og i hjarta ditt.» Det er trusordet som vi forkynner. 9For om du med munnen din vedkjenner at Jesus er Herre, og i hjarta ditt trur at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10For med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen vedkjenner ein til frelse.
Evangelium

Jesu avskjed

Luk 24,46-53

24:46Og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, 47og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag, med byrjing frå Jerusalem. 48De er vitne om dette. 49Og sjå, eg sender over dykk det Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir ikledde kraft frå det høge.» 50Så førte han dei ut mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. 51Og medan han velsigna dei, skilde han lag med dei og vart teken opp til himmelen. 52Dei tilbad han og gjekk attende til Jerusalem med stor glede. 53Og dei var stadig i tempelet og lova Gud.
← Alle lesetekstar