Søndag før pinse
GT
Herrens dag
Sak 14,6-9
14:6Den dagen skal det ikkje vera lys, berre kulde og frost. 7Det skal vera ein einaste dag – han er kjend for Herren – ikkje dag og ikkje natt, men når kvelden kjem, skal det verta lys. 8Den dagen skal levande vatn strøyma ut frå Jerusalem, halvparten mot havet i aust og halvparten mot havet i vest. Det skal vera slik både sommar og vinter. 9Og Herren skal vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans eitt.
eller
Apostlane
I Jerusalem og for folkeslagene
Apg 26,1-3; 26,20-29
26:1Agrippa sa til Paulus: «Du har lov til å tala for deg sjølv.» Då rekte Paulus ut handa og byrja forsvaret sitt: 2«Kong Agrippa, eg reknar meg som heldig som i dag får forsvara meg for deg mot alt det jødane klagar meg for, 3særleg fordi du kjenner så godt til alle skikkane og spørsmåla blant jødane. Difor bed eg deg om å høyra tolmodig på meg. 20Men eg forkynte først for dei i Damaskus, så i Jerusalem og i heile Judea, og for heidningane, at dei skulle angra og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga. 21Difor greip jødane meg i tempelet og prøvde å drepa meg. 22Men Gud har hjelpt meg, og heilt til denne dag står eg her og vitnar for små og store. Eg seier ikkje anna enn det profetane og Moses sa skulle henda: 23at Messias måtte lida, og at han som den første som stod opp frå dei døde, skulle forkynna lys for folket og for heidningane.» 24Medan Paulus forsvara seg slik, ropa Festus med høg røyst: «Du er galen, Paulus! All lærda di driv deg til vanvit!» 25Men Paulus svara: «Eg er ikkje galen, høgvørde Festus, men talar sanne og fornuftige ord. 26Kongen kjenner til dette, og til han talar eg frimodig. Eg er overtydd om at ikkje noko av dette er ukjent for han, for det har ikkje gått føre seg i ein avkrok. 27Kong Agrippa, trur du profetane? Eg veit at du trur!» 28Agrippa sa til Paulus: «Med lite vil du overtala meg til å bli ein kristen!» 29Paulus svara: «Eg ville ynskja til Gud at anten det tek kort eller lang tid, ikkje berre du, men alle som høyrer på meg i dag, måtte bli slik som eg er – bortsett frå desse lenkjene.»
Åp
Det nye Jerusalem
Op 21,22-27
21:22Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, er tempelet der, og Lammet. 23Byen treng ikkje sol eller måne til å lysa for seg, for Guds herlegdom lyser over byen, og Lammet er lyset der. 24Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda fører herlegdomen sin inn i han. 25Portane i byen skal aldri stengjast om dagen, for natt skal ikkje vera der. 26Herlegdomen og æra til folkeslaga skal dei føra inn i han. 27Men noko ureint skal aldri koma inn i han, heller ikkje nokon som gjer avskyelege ting eller talar løgn – berre dei som er skrivne i livsens bok hos Lammet.
Evangelium
Lyset er kommet til verden
Joh 3,16-21
3:16For så høgt elska Gud verda at han gav den einborne Sonen sin, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17For Gud sende ikkje Son sin til verda for å dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18Den som trur på han, blir ikkje dømd. Men den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt den einborne Sonen til Gud. 19Og dette er dommen: Lyset har kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20For kvar den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal bli avslørte. 21Men den som gjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli openbert at gjerningane hans er gjort i Gud.»