Pinsedag
GT
Guds Ånd svevde over vannet
1Mos 1,1-5
1:1I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda. 2Jorda var aud og tom, og mørker låg over djupet. Guds Ande sveva over vassflata. 3Då sa Gud: «Lat det verta lys!» Og det vart lys. 4Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret. 5Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon – den første dagen.
Apostlane
Ånden blir gitt
Apg 2,1-11
2:1Då pinsedagen kom, var dei alle samla på same stad. 2Brått kom det ein lyd frå himmelen, som av ein kraftig stormvind, og han fylte heile huset der dei sat. 3Og det synte seg for dei tunger som av eld, som delte seg og sette seg på kvar einskild av dei. 4Då vart dei alle fylte med Den Heilage Ande og tok til å tala på andre tungemål, alt etter som Anden gav dei ord å tala. 5I Jerusalem budde det gudfryktige jødiske menn frå alle folkeslag under himmelen. 6Då denne lyden kom, samla folkemengda seg og vart forvirra, for kvar einskild høyrde dei tala på sitt eige språk. 7Dei var heilt frå seg av undring og sa: «Er ikkje alle desse som talar, galilearar? 8Korleis kan då kvar av oss høyra dei tala på vårt eige morsmål? 9Partarar og medarar og elamittar, dei som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, Pontos og Asia, 10Frygia og Pamfylia, Egypt og områda i Libya ved Kyréne, og tilreisande frå Roma, 11både jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne språk.»
eller
Brev
Døpt med én Ånd
1Kor 12,12-13
12:12For liksom kroppen er éin og har mange lemer, og alle lemene på kroppen er éin kropp endå dei er mange, slik er det òg med Kristus. 13For med éin Ande vart vi alle døypte til éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og vi har alle fått drikka av éin Ande.
Evangelium
Talsmannen og Jesu bud
Joh 14,15-21
14:15Elskar de meg, så kjem de til å halda boda mine. 16Og eg skal be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, som skal vera hos dykk for alltid: 17Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot, for verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. De kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18Eg skal ikkje la dykk vera att foreldrelause. Eg kjem til dykk. 19Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og de er i meg, og eg er i dykk. 21Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal bli elska av Far min, og eg skal elska han og openberra meg for han.»