søndag 23. mai 2027

Treenighetssøndag

Rekkje II
GT

Herren gjester Abraham

1Mos 18,1-8

18:1Herren synte seg for Abraham ved eikelunden i Mamre medan han sat i teltopninga midt på den varmaste tida av dagen. 2Han såg opp og fekk auge på tre menn som stod framfor han. Då han såg dei, sprang han dei i møte frå teltopninga og bøygde seg til jorda. 3Han sa: «Herre, om eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din! 4Lat oss henta litt vatn så de kan vaska føtene dykkar, og kvil dykk under treet. 5Lat meg henta litt brød så de kan styrka dykk. Sidan kan de dra vidare. For det er vel difor de har kome innom tenaren dykkar.» Dei svara: «Gjer som du har sagt.» 6Abraham skunda seg inn i teltet til Sara og sa: «Skund deg! Ta tre mål fint mjøl, elta det og bak brødleiver.» 7Så sprang Abraham bort til buskapen og tok ein fin og god kalv. Han gav han til tenesteguten, som skunda seg med å laga han til. 8Så tok han rjome og mjølk og kalven som var tillagd, og sette det fram for dei. Sjølv stod han hos dei under treet medan dei åt.
Brev

Å, dyp av visdom hos Gud

Rom 11,33-36

11:33Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans domar er, og kor ugranskande hans vegar! 34For kven har kjent Herrens sinn? Eller kven har vore rådgjevaren hans? 35Eller kven har gjeve han noko først, så han skulle få vederlag? 36For av han og ved han og til han er alle ting. Han vere æra i all æve! Amen.
Evangelium

Jesus jublet i Ånden

Luk 10,21-24

10:21I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg prisar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige og openberra det for dei små. Ja, Far, for slik var din gode vilje.» 22Alt er overgjeve til meg av Far min. Ingen veit kven Sonen er utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.» 23Så vende han seg til læresveinane og sa til dei i einrom: «Sæle er dei auga som ser det de ser. 24For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville sjå det de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»
← Alle lesetekstar