2. søndag i treenighetstiden
Salme
Folkene skal prise deg
Sal 67,1; 67,3-6
67:1Til kormeisteren. Med strengespel. Ein salme. Ein song. 3Så din veg kan bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag. 4Folka skal prisa deg, Gud! Alle folk skal prisa deg! 5Nasjonane skal gleda seg og jubla, for du dømer folka med rettferd og leier nasjonane på jorda. Sela. 6Folka skal prisa deg, Gud! Alle folk skal prisa deg!
Brev
Kledd dere i Kristus
Gal 3,23-29
3:23Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova, innestengde til den trua som skulle openberrast. 24Slik vart lova vår oppsynsmann fram til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde ved tru. 25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under oppsynsmannen. 26For de er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus. 27For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. For de er alle éin i Kristus Jesus. 29Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.
Evangelium
Han skal vokse, jeg skal avta
Joh 3,26-30
3:26Dei kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, han som var hos deg på andre sida av Jordan, han du vitna om, sjå, han døyper, og alle går til han.» 27Johannes svara og sa: «Eit menneske kan ikkje ta imot noko utan at det er gjeve han frå himmelen. 28De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han. 29Den som har brura, er brudgom. Men venen til brudgomen, som står og høyrer på han, gleder seg storleg over røysta til brudgomen. Denne gleda mi er no fullkomen. 30Han må veksa, eg må minka.