søndag 6. juni 2027

3. søndag i treenighetstiden

Rekkje II
GT

Å høre på disiplers vis

Jes 50,4-5

50:4Herren Gud har gjeve meg ei tunge som hjå læresveinar, så eg veit å halda oppe den trøytte med eit ord. Han vekkjer meg morgon etter morgon, han vekkjer øyret mitt så eg høyrer som ein læresvein. 5Herren Gud har opna øyret mitt, og eg sette meg ikkje imot. Eg vende meg ikkje bort.
Brev

De han har kalt

Rom 8,28-30

8:28Og vi veit at for dei som elskar Gud, verkar alle ting saman til det gode, for dei som er kalla etter hans føremål. 29For dei som han kjende på førehand, dei har han òg føreåt bestemt til å verta forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30Og dei som han føreåt bestemte, dei kalla han òg. Og dei han kalla, dei rettferdiggjorde han òg. Og dei han rettferdiggjorde, dei herleggjorde han òg.
Evangelium

De første disiplene

Joh 1,35-51

1:35Dagen etter stod Johannes der igjen med to av læresveinane sine. 36Då han såg Jesus koma gåande, sa han: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han til dei: «Kva leitar de etter?» Dei sa til han: «Rabbi» – det tyder lærar – «kvar bur du?» 39Han sa til dei: «Kom og sjå!» Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen. 40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og som hadde følgt etter Jesus. 41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har funne Messias!» – det tyder Kristus. 42Han tok han med til Jesus. Jesus såg på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal kallast Kefas» – det tyder Peter. 43Dagen etter ville Jesus fara til Galilea. Han fann Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45Filip fann Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses skreiv om i lova, og som profetane skreiv om: Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» sa Natanael. Filip sa til han: «Kom og sjå!» 47Jesus såg Natanael koma mot seg og sa om han: «Sjå, her er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48Natanael spurde: «Kvar kjenner du meg frå?» Jesus svara: «Eg såg deg medan du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!» 50Jesus svara: «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet? Du skal få sjå større ting enn dette.» 51Og han sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga opp og stiga ned over Menneskesonen.»
← Alle lesetekstar