søndag 13. juni 2027

4. søndag i treenighetstiden

Rekkje II
GT

Herren vil vi tjene

Jos 24,19-24

24:19Då sa Josva til folket: «De maktar ikkje å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Han er ein nidkjær Gud. Han vil ikkje tilgje lovbrota og syndene dykkar. 20Dersom de forlet Herren og tener framande gudar, vil han venda seg og gjera dykk vondt og gjera ende på dykk, etter at han har gjort vel mot dykk.» 21Men folket sa til Josva: «Nei, vi vil tena Herren!» 22Då sa Josva til folket: «De er vitne mot dykk sjølve om at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Vi er vitne.» 23«Så skil dykk no av med dei framande gudane som er midt imellom dykk, og vend hjarta dykkar til Herren, Israels Gud!» 24Folket sa til Josva: «Herren vår Gud vil vi tena, og røysta hans vil vi lyda.»
Brev

Skapt til gode gjerninger

Ef 2,1-10

2:1Også dykk, de som var døde på grunn av brota og syndene dykkar, gjorde han levande. 2I dei vandra de ein gong, etter denne verda sin vis, etter herskaren over luftens maktområde, den ånda som no verkar i dei ulydige. 3Blant dei levde òg vi alle ein gong, styrte av lystene i vårt eige kjøt, og vi gjorde det kjøtet og tankane våre ville. Av naturen var vi vredens born, liksom dei andre. 4Men Gud, som er rik på miskunn, og på grunn av si store kjærleik som han elska oss med – 5endå vi var døde på grunn av brota våre, gjorde han oss levande saman med Kristus. Av nåde er de frelste! 6Han reiste oss opp saman med han og sette oss med han i himmelen, i Kristus Jesus. 7Dette gjorde han for å visa i dei komande tidsaldrar den overstrøymande rikdomen av sin nåde, gjennom godleiken mot oss i Kristus Jesus. 8For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. 9Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal skryta. 10For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud på førehand har lagt ferdige for at vi skal vandra i dei.
Evangelium

Å følge etter Jesus

Matt 16,24-27

16:24Då sa Jesus til læresveinane sine: «Om nokon vil følgja etter meg, må han fornekta seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det. 26Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men tek skade på si sjel? Eller kva kan eit menneske gje som vederlag for sjela si? 27For Menneskesonen skal koma i herlegdomen til Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter gjerningane sine.
← Alle lesetekstar