søndag 20. juni 2027

5. søndag i treenighetstiden

Rekkje II
GT

Ta vare på mine ord

Ordt 7,1-3

7:1Son min, ta vare på orda mine og gøym boda mine hos deg. 2Hald boda mine, så skal du leva, og vakta læra mi som augnesteinen din. 3Bind dei om fingrane dine, skriv dei på tavla i hjartet ditt.
Brev

Grunnvollen og byggverket

1Kor 3,10-18

3:10Etter den nåden Gud har gjeve meg, la eg grunnvollen som ein vis byggmeister, og ein annan byggjer vidare. Men kvar og ein må sjå til korleis han byggjer. 11For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, det er Jesus Kristus. 12Om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, edle steinar, tre, høy eller halm, 13så skal verket til kvar og ein bli synleg. For dagen skal visa det, for han blir openberra i eld, og elden skal prøva korleis verket til kvar og ein er. 14Om det verket nokon har bygt, blir ståande, skal han få løn. 15Om det verket nokon har bygt, brenn opp, skal han lida tap. Men sjølv skal han bli frelst, om enn som gjennom eld. 16Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og det tempelet er de. 18Lat ingen lura seg sjølv! Om nokon av dykk meiner han er vis i denne verda, lat han bli ein dåre, så han kan bli vis.
Evangelium

Falske disipler og huset på fjell

Matt 7,21-29

7:21Ikkje alle som seier til meg: 'Herre, Herre!' skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: 'Herre, Herre! Har vi ikkje profetert i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?' 23Då skal eg seia rett ut til dei: 'Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!' 24Difor: Kvar den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, kan liknast med ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet auste ned, elvane fløymde over, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var grunnlagt på fjell. 26Men kvar den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer etter dei, kan liknast med ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet auste ned, elvane fløymde over, og vindane bles og slo mot huset. Og det fall, og fallet var stort. 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fullt av undring over læra hans. 29For han lærte dei som ein som har fullmakt, og ikkje som deira skriftlærde.
← Alle lesetekstar