7. søndag i treenighetstiden
GT
Gi verken armod eller rikdom
Ordt 30,7-9
30:7To ting bed eg deg om; nekt meg dei ikkje før eg døyr: 8Hald løgn og svikefulle ord langt borte frå meg. Gjev meg korkje fattigdom eller rikdom, men lat meg få det brødet eg treng. 9Elles kunne eg bli mett og fornekta deg og seia: «Kven er Herren?» Eller eg kunne bli fattig og stela og vanæra namnet til min Gud.
Brev
Forman dem som er rike
1Tim 6,17-19
6:17Pålegg dei som er rike i denne verda, at dei ikkje skal vera hovmodige eller setja si von til uviss rikdom, men til Gud, som rikt gjev oss alt til å nyta. 18Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, vera rause og villige til å dela. 19Slik legg dei opp ein god grunnvoll for framtida, så dei kan gripa det verkelege livet.
Evangelium
Sakkeus
Luk 19,1-10
19:1Han kom inn i Jeriko og gjekk gjennom byen. 2Og sjå, der var ein mann som heitte Sakkeus. Han var overtollar og svært rik. 3Han prøvde å få sjå kven Jesus var, men klarte det ikkje på grunn av folkemengda, for han var liten av vekst. 4Så sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærfikentre for å få sjå han, for Jesus skulle koma den vegen. 5Då Jesus kom til staden, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg vera gjest i ditt hus.» 6Han skunda seg ned og tok imot han med glede. 7Då alle såg det, murra dei og sa: «Han har teke inn hjå ein syndig mann.» 8Men Sakkeus stod fram og sa til Herren: «Sjå, Herre, halvparten av det eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg pressa pengar av nokon, gjev eg det att firedobbelt.» 9Jesus sa til han: «I dag har frelse kome til dette huset, for også han er ein son av Abraham. 10For Menneskesonen har kome for å leita etter og frelsa det som var fortapt.»