søndag 11. juli 2027

8. søndag i treenighetstiden

Rekkje II
GT

Det de ga var mer enn nok

2Mos 36,2-7

36:2Moses kalla til seg Besalel og Oholiab og alle dei handverkskunnige mennene som Herren hadde gjeve visdom i hjartet, alle som kjende seg kalla til å gå i gang med arbeidet og fullføra det. 3Dei tok imot frå Moses alle gåvene som israelittane hadde bore fram til arbeidet med heilagdomen. Og folket heldt fram med å koma med frivillige gåver kvar morgon. 4Då kom alle dei kunnige mennene som arbeidde med heilagdomen, kvar frå sitt arbeid, 5og sa til Moses: «Folket ber fram meir enn det trengst til det arbeidet som Herren har påbode å gjera.» 6Då gav Moses ordre om å ropa ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal lenger laga noko til gåve for heilagdomen!» Så slutta folket å koma med gåver. 7Det dei hadde, var nok til alt arbeidet som skulle gjerast, ja meir enn nok.
Brev

Denne gangen har dere overflod

2Kor 8,9-15

8:9For de kjenner nåden frå vår Herre Jesus Kristus: Endå han var rik, vart han fattig for dykkar skuld, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. 10Og eg gjev dykk eit råd i denne saka: Det er til gagn for dykk, de som alt i fjor var dei første til ikkje berre å vilja, men også å gjera. 11Fullfør no verket, så viljen til å gjera det vert følgd av at de fullfører det etter evne. 12For når viljen er til stades, er gåva velkomen etter det ein har, ikkje etter det ein ikkje har. 13Det er ikkje meininga at andre skal ha det lett medan de har det tungt. Nei, det skal vera likskap. 14No skal dykkar overflod hjelpa dei som lid mangel, så deira overflod sidan kan hjelpa dykk når de lid mangel. Slik vert det likskap. 15Som det står skrive: «Den som hadde mykje, fekk ikkje for mykje, og den som hadde lite, fekk ikkje for lite.»
Evangelium

Enkens gave

Mark 12,37b-44

12:37bKorleis kan han då vera son hans?» 38I undervisninga si sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og bli helsa på torga. 39Dei vil ha dei fremste setene i synagogane og heidersplassane i gjesteboda. 40Dei et opp husa til enkjene og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få ein hardare dom.» 41Jesus sette seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i kista. Mange rike la mykje i. 42Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, det er ein kvadrant. 43Han kalla læresveinane til seg og sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har lagt meir i kista enn alle dei andre. 44For alle dei andre gav av overfloda si, men ho gav av sin fattigdom alt ho eigde, alt ho hadde å leva av.»
← Alle lesetekstar