10. søndag i treenighetstiden
GT
Josef tilgir sine brødre
1Mos 50,14-21
50:14Etter at Josef hadde gravlagt far sin, vende han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle dei som hadde drege opp med han for å gravleggje far hans. 15Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Tenkj om Josef skulle bere nag til oss og gje oss att for alt det vonde vi gjorde mot han!» 16Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din gav oss dette påbodet før han døydde: 17Sei dette til Josef: Eg bed deg, tilgjev brørne dine brotet og synda deira, for dei handla vondt mot deg. Tilgjev no brotet til tenarane åt din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han. 18Brørne hans kom òg sjølve og fall ned framfor han og sa: «Sjå, vi er dine slavar.» 19Men Josef sa til dei: «Ver ikkje redde! Er vel eg i Guds stad? 20De tenkte å gjera vondt mot meg, men Gud tenkte det til det gode, for å gjera som det er i dag: å halde mykje folk i live. 21Så ver ikkje redde! Eg skal sørgje for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala venleg til dei.
Brev
Hils hverandre med et hellig kyss
2Kor 13,11-13
13:11Til slutt, sysken: Gled dykk, lat dykk fullkoma, lat dykk oppmuntra, ver einige, hald fred, og kjærleikens og fredens Gud skal vera med dykk. 12Helsa kvarandre med eit heilagt kyss. Alle dei heilage helsar dykk. 13Herren Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik og Den Heilage Andens fellesskap vere med dykk alle.
Evangelium
Den ubarmhjertige medtjener
Matt 18,21-35
18:21Då gjekk Peter fram og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?» 22Jesus svara: «Eg seier deg: Ikkje sju gonger, men sytti gonger sju. 23Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24Då han tok til med oppgjeret, vart ein mann ført fram som skulda han ti tusen talentar. 25Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast. 26Då fall tenaren ned for føtene hans og bad: «Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman!» 27Herren fekk inderleg medkjensle med tenaren, sleppte han fri og ettergav han gjelda. 28Men då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: «Betal det du skuldar!» 29Medtenaren fall ned og bad han: «Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg!» 30Men han ville ikkje. Han gjekk bort og kasta han i fengsel, der han skulle sitja til han hadde betalt gjelda. 31Då dei andre tenarane såg kva som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som hadde hendt. 32Då kalla herren han til seg og sa: «Du vonde tenar! Eg ettergav deg heile gjelda di fordi du bad meg om det. 33Burde ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?» 34Og herren vart vreid og overgav han til fangevaktarane til han hadde betalt alt han skulda. 35Slik skal òg Far min i himmelen gjera med dykk om ikkje kvar og ein av dykk av hjartet tilgjev bror sin.»