Olavsdagen / Olsok
GT
Velg livet
5Mos 30,19-20a
30:19Eg tek i dag himmelen og jorda til vitne mot dykk: Livet og døden har eg lagt fram for deg, velsigninga og forbanninga. Vel då livet, så du og etterkomarane dine kan leva! 20aElsk Herren din Gud, lyd røysta hans og hald deg til han!
Brev
Skatten i leirkrukker
2Kor 4,6-11
4:6For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram or mørkret,» han har late lyset stråla i hjarto våre, så vi kan sjå lyset frå kunnskapen om Guds herlegdom i Kristi andlet. 7Men vi har denne skatten i leirkar, så den overstrøymande krafta skal vera frå Gud og ikkje frå oss. 8Vi blir trengde på alle kantar, men ikkje knuste. Vi er rådville, men ikkje rådlause. 9Vi blir forfølgde, men ikkje forlatne. Vi blir slengde ned, men går ikkje til grunne. 10Alltid ber vi Jesu daude med oss i kroppen, så òg Jesu liv skal openberrast i kroppen vår. 11For vi som lever, blir stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal openberrast i vår dødelege kropp.
Evangelium
Hva gagner det et menneske
Luk 9,23-26
9:23Så sa han til alle: «Vil nokon følgja meg, må han fornekta seg sjølv, ta krossen sin opp kvar dag og følgja meg.» 24For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. 25Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv eller går til grunne? 26For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin herlegdom og i herlegdomen til Far og dei heilage englane.