12. søndag i treenighetstiden
GT
Kan en kvinne glemme
Jes 49,13-16
49:13Syng av glede, de himlar! Jubla, du jord! Bryt ut i fagnadrop, de fjell! For Herren trøystar folket sitt og viser medkjensle med dei lidande sine. 14Men Sion sa: «Herren har forlate meg, Herren har gløymt meg.» 15Kan ei kvinne gløyma spedbarnet sitt, så ho ikkje viser medkjensle med sonen frå sitt eige liv? Sjølv om dei skulle gløyma, vil eg aldri gløyma deg. 16Sjå, i hendene mine har eg teikna deg inn, murane dine er alltid framfor meg.
Brev
Tjenesten for de hellige
2Kor 9,1-8
9:1Når det gjeld hjelpa til dei heilage, treng eg eigentleg ikkje skriva til dykk om det. 2For eg kjenner velviljen dykkar, den eg rosar dykk for overfor makedonarane – at Akaia har vore klar alt sidan i fjor – og iveren dykkar har eggja dei fleste. 3Men eg sender brørne, så ikkje det vi har rosa dykk for, skal visa seg å vera tomt snakk i dette høvet, men at de må vera førebudde, slik eg har sagt. 4For om det kjem makedonarar med meg og finn dykk uførebudde, då vil vi – for ikkje å snakka om dykk – bli til skamme med denne tilliten vår. 5Difor fann eg det naudsynt å be brørne om å reisa til dykk på førehand og få i stand den gåva de har lova. Då er ho klar som ei velsigning og ikkje som noko framtvunge av griskheit. 6Men dette: Den som sår sparsomt, skal òg hausta sparsomt, og den som sår rikeleg, skal òg hausta rikeleg. 7Kvar og ein skal gje det han har bestemt seg for i hjartet sitt, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. 8Og Gud har makt til å gje dykk all nåde i overflod, så de alltid og i alt har nok av alt og kan gje rikeleg til all god gjerning.
Evangelium
Kvinner som fulgte Jesus
Luk 8,1-3
8:1Ei tid etter drog Jesus gjennom byar og landsbyar og forkynte og bar fram det glade bodskapet om Guds rike. Dei tolv var med han, 2og nokre kvinner som hadde vorte lækte frå vonde ånder og sjukdomar: Maria, som vart kalla Magdalena, som sju demonar hadde fare ut av, 3og Johanna, kona til Kusa, ein embetsmann hos Herodes, og Susanna og mange andre. Dei tente dei med det dei eigde.