13. søndag i treenighetstiden
GT
Salomo ber om visdom
2Krøn 1,7-12
1:7Den natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Be om kva du vil at eg skal gje deg.» 8Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og du har sett meg til konge etter han. 9Lat no ordet ditt til David, far min, stå fast, Herre Gud! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda. 10Gjev meg no visdom og kunnskap, så eg kan gå ut og inn framfor dette folket. For kven kan elles dømma dette store folket ditt?» 11Då sa Gud til Salomo: «Fordi dette låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, skattar eller ære, ikkje om livet til fiendane dine og heller ikkje om eit langt liv, men om visdom og kunnskap til å dømma folket mitt, som eg har sett deg til konge over – 12så skal du få visdom og kunnskap. Og eg vil gje deg rikdom, skattar og ære, meir enn nokon konge før deg har hatt, og ingen etter deg skal ha det slik.»
Brev
Så Kristi kropp kan bygges opp
Ef 4,11-16
4:11Og han gav nokre til å vera apostlar, nokre til profetar, nokre til evangelistar, nokre til hyrdingar og lærarar. 12for å utrusta dei heilage til tenestegjerning, til oppbygging av Kristi kropp, 13Slik skal vi alle nå fram til einskap i trua og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til det fulle målet av Kristi fylde. 14Då skal vi ikkje lenger vera umodne, kasta hit og dit og drivne omkring av kvar lærevind, ved menneskeleg falskspel og listige knep som fører vill. 15Men ved å halda oss til sanninga i kjærleik, skal vi i alle ting veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16Ut frå han vert heile kroppen sameina og halden saman ved kvart støttande ledd, etter den krafta som er tilmålt kvar einskild del. Slik veks kroppen og byggjer seg opp i kjærleik.
Evangelium
En tro og klok forvalter
Luk 12,41-48
12:41Peter sa: «Herre, er det til oss du seier denne likninga, eller gjeld ho alle?» 42Herren svara: «Kven er så den trufaste og kloke forvaltaren som herren set over tenestefolket sitt til å gje dei maten deira i rett tid? 43Sæl er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem! 44Sanneleg, eg seier dykk: Han skal setja han over alt han eig. 45Men om den tenaren seier i hjartet sitt: 'Herren min dryger med å koma', og så tek til å slå tenarane og tenestejentene, og et og drikk og fyller seg, 46då skal herren til den tenaren koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om. Han skal hogga han i to og la han dela lagnad med dei vantruande. 47Den tenaren som kjende viljen til herren sin, men ikkje stelte til eller gjorde etter viljen hans, skal få mange slag. 48Men den som ikkje kjende viljen, og gjorde det som fortener slag, skal få få slag.