15. søndag i treenighetstiden
GT
Dersom dere vil lytte til mine ord
2Mos 19,1-6
19:1I den tredje månaden etter at israelittane hadde drege ut frå Egypt, same dagen, kom dei til Sinai-ørkenen. 2Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Der slo dei leir i ørkenen, og Israel slo leir rett framfor fjellet. 3Moses gjekk opp til Gud, og Herren ropa til han frå fjellet og sa: «Så skal du seia til Jakobs hus og forkynna for Israels born: 4De har sjølve sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg bar dykk på ørnevenger og førte dykk til meg. 5Om de no verkeleg lyder røysta mi og held pakta mi, skal de vera min eigedom framfor alle folk, for heile jorda høyrer meg til. 6De skal vera eit kongerike av prestar for meg og eit heilagt folk. Dette er dei orda du skal tala til Israels born.»
Brev
Alt makter jeg i ham
Fil 4,10-14
4:10Eg gledde meg storleg i Herren over at de omsider fekk høve til å visa omtanke for meg att. De hadde nok omtanke, men mangla høve. 11Ikkje at eg seier dette fordi eg lid mangel, for eg har lært å vera nøgd med det eg har. 12Eg veit å leva i fattigdom, og eg veit å leva i overflod. I alt og på alle vis er eg innvigd, både i å vera mett og å svelta, både i å ha overflod og å lida mangel. 13Alt maktar eg i han som gjev meg kraft. 14Likevel gjorde de vel i å ta del i trengsla mi.
Evangelium
Jesus hos Marta og Maria
Luk 10,38-42
10:38Medan dei var på vegen, kom han til ein landsby. Der tok ei kvinne som heitte Marta, imot han. 39Ho hadde ei syster som heitte Maria. Ho sette seg ned ved føtene til Jesus og lydde på orda hans. 40Men Marta var oppteken med alt som skulle stellast til. Ho kom bort og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi har late meg vera åleine om å tena? Sei til henne at ho skal hjelpa meg!» 41Men Herren svara henne: «Marta, Marta, du gjer deg uro og strev med så mykje. 42Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»