16. søndag i treenighetstiden
Salme
Hvor lenge, Herre?
Sal 13,2-6
13:2Kor lenge, Herre? Vil du gløyma meg for alltid? Kor lenge vil du løyna andletet ditt for meg? 3Kor lenge må eg grubla i sjela mi, med sorg i hjartet dag etter dag? Kor lenge skal fienden min triumfera over meg? 4Sjå hit og svar meg, Herre, min Gud! Lat augo mine lysa, så eg ikkje sovnar inn i døden. 5Lat ikkje fienden min seia: «Eg fekk makt over han!» Lat ikkje motstandarane mine jubla når eg vaklar. 6Men eg set mi lit til di miskunn. Hjartet mitt skal jubla over frelsa di. Eg vil syngja for Herren, for han har vore god mot meg.
Brev
Når en kristen lider
1Pet 4,12-19
4:12Mine kjære, undra dykk ikkje over den eldprøva de går gjennom, som om det var noko uventa som hende dykk. 13Gled dykk heller di meir de får del i Kristi lidingar, så de òg kan gleda dykk og jubla når herlegdomen hans blir openberra. 14Dersom de blir håna for Kristi namn, er de sæle, for herlegdomens Ande, Guds Ande, kviler over dykk. 15Men lat ingen av dykk lida fordi han er ein mordar, tjuv, brotsmann eller ein som blandar seg inn i andre sine saker. 16Men om nokon lid fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud med dette namnet. 17For tida er komen då domen skal byrja, og han byrjar med Guds hus. Men tek han til med oss, korleis skal det då enda for dei som ikkje lyder Guds evangelium? 18Og dersom den rettferdige med naud og neppe blir frelst, korleis skal det då gå med den ugudelege og syndaren? 19Difor skal òg dei som lid etter Guds vilje, overgje sjelene sine til den trufaste Skaparen og halda fram med å gjera det gode.
Evangelium
Salige er de som blir forfulgt
Matt 5,10-12
5:10Sæle er dei som blir forfølgde for rettferds skuld, for himmelriket høyrer dei til. 11Sæle er de når folk spottar dykk og forfølgjer dykk og talar alle slag vondt mot dykk på lygn for mi skuld. 12Gled dykk og jubla, for løna dykkar er stor i himmelen! For slik forfølgde dei profetane som var før dykk.