onsdag 29. september 2027

Mikkelsmesse

Rekkje II
Salme

Han skal gi sine engler befaling

Sal 91,1-2; 91,9-16

91:1Den som bur i ly hos Den Høgste, får kvila i skuggen av Den Allmektige. 2Eg seier om Herren: Han er mi tilflukt og mi borg, min Gud som eg set mi lit til. 9For du, Herre, er mi tilflukt! Den Høgste har du gjort til din bustad. 10Ikkje noko vondt skal råka deg, og inga plage skal koma nær teltet ditt. 11For han skal gje englane sine påbod om deg, at dei skal vakta deg på alle dine vegar. 12Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten din mot nokon stein. 13Du skal trakka på løve og hoggorm, trampa ned ungløve og slange. 14Fordi han heng ved meg, vil eg fria han ut. Eg vil verna han, for han kjenner mitt namn. 15Han skal ropa til meg, og eg vil svara han. Eg er med han i nauda, eg vil fria han ut og gje han ære. 16Med eit langt liv vil eg metta han og la han sjå mi frelse.
Åp

Dragen ble kastet ned

Op 12,1-10

12:1Eit stort teikn synte seg på himmelen: ei kvinne kledd i sola, med månen under føtene sine og ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2Ho var med barn og ropa i fødselsrier og fødepiner og kjempa for å føda. 3Så synte det seg eit anna teikn på himmelen: Sjå, ein stor, eldraud drake med sju hovud og ti horn, og på hovuda hans var det sju kroner. 4Halen hans drog med seg ein tredel av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stod framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet hennar så snart ho hadde fødd det. 5Ho fødde ein son, eit guteborn, som skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt bort til Gud og til trona hans. 6Kvinna rømde ut i øydemarka, der ho har ein stad som Gud har gjort klar for henne, så ho kan få næring der i eitt tusen to hundre og seksti dagar. 7Det vart krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken og englane hans kjempa imot, 8men dei var ikkje sterke nok, og det fanst ikkje lenger plass for dei i himmelen. 9Den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han. 10Og eg høyrde ei sterk røyst i himmelen som sa: «No er frelsa komen, og krafta og riket åt vår Gud, og makta åt hans Kristus, for han som skulda brørne våre er kasta ned, han som dag og natt skulda dei framfor vår Gud.
Evangelium

Jeg så Satan falle ned

Luk 10,1-2; 10,16-20

10:1Etter dette peika Herren ut syttito andre òg, og sende dei ut to og to føre seg til kvar by og kvar stad han sjølv skulle koma. 2Han sa til dei: «Hausten er stor, men arbeidarane er få. Be difor haustens herre om å senda ut arbeidarar til hausten sin.» 16Den som høyrer på dykk, høyrer på meg. Den som avviser dykk, avviser meg. Og den som avviser meg, avviser han som har sendt meg. 17Dei syttito kom tilbake med glede og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss i ditt namn!» 18Han sa til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.» 19Sjå, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og over all krafta til fienden, og ingenting skal skada dykk. 20Men gled dykk ikkje over at åndene underkastar seg dykk. Gled dykk heller over at namna dykkar er skrivne i himmelen.»
← Alle lesetekstar