20. søndag i treenighetstiden
GT
De to skal være ett
1Mos 2,18-25
2:18Herren Gud sa: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar for han som svarar til han.» 19Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det vart namnet på skapningen. 20Men for mennesket fann han ingen hjelpar som svara til han. 21Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mennesket, og han sovna. Så tok han eitt av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22Herren Gud bygde sidebeinet han hadde teke frå mennesket, til ei kvinne, og førte henne til mennesket. 23Mennesket sa: «No endeleg – bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt! Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken.» 24Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei skal vera eitt kjøt. 25Dei var begge nakne, mennesket og kona hans, og dei skamde seg ikkje.
Brev
Mysteriet Kristus og kirken
Ef 5,31-33
5:31Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt. 32Dette mysteriet er stort – eg talar om Kristus og kyrkja. 33Men òg kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og kona skal ha age for mannen sin.
Evangelium
Ekteskap og skilsmisse
Mark 10,2-9
10:2Nokre farisearar kom og spurde han om det var tillate for ein mann å skilja seg frå kona si. Dei ville freista han. 3Han svara dei: «Kva baud Moses dykk?» 4Dei sa: «Moses gav løyve til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5Jesus sa til dei: «Det var på grunn av hardhugen dykkar han skreiv dette bodet til dykk. 6Men frå skapinga av skapte Gud dei til mann og kvinne. 7Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, 8og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to, men éin kropp. 9Det som Gud har sameina, skal ikkje menneske skilja.»