søndag 17. oktober 2027

22. søndag i treenighetstiden

Rekkje II
GT

Forkast ikke det du har lært

Ordt 6,20-23a

6:20Son min, ta vare på boda til far din, og forkast ikkje læra til mor di. 21Bind dei alltid til hjartet ditt, knyt dei om halsen din. 22Når du går, skal dei leia deg, når du ligg, skal dei vakta deg, og når du vaknar, skal dei tala til deg. 23aFor bodet er ei lampe og læra eit lys, og rettleiande tukt er vegen til livet.
Brev

Ikke selvhevdelse, men ydmykhet

Fil 2,1-4

2:1Om det finst nokon trøyst i Kristus, nokon oppmuntring i kjærleiken, noko fellesskap i Anden, nokon medkjensle og miskunn, 2så gjer gleda mi fullkomen: Ver eitt i tanke og sinn, ha den same kjærleiken, stå saman med eitt mål for auge. 3Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller tom æresjuke, men ver audmjuke og set andre høgare enn dykk sjølve. 4Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men også på det som er best for andre.
Evangelium

Tro på lyset, bli lysets barn

Joh 12,35-36

12:35Gå medan de har lyset, så ikkje mørkret skal overmanna dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han er på veg. 36Tru på lyset medan de har lyset, så de kan verta born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og gøymde seg for dei.
← Alle lesetekstar