23. søndag i treenighetstiden
Salme
Siden tar du meg opp i herlighet
Sal 73,23-28
73:23Men eg er alltid hos deg, du held mi høgre hand. 24Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du meg opp i herlegdom. 25Kven har eg i himmelen utan deg? Og når eg har deg, ønskjer eg ikkje noko på jorda. 26Om kropp og hjarte sviktar, er Gud mitt hjartes klippe og min del til evig tid. 27For sjå, dei som held seg borte frå deg, går til grunne. Du gjer ende på alle som er utrue mot deg. 28Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg har gjort Herren Gud til mi tilflukt, så eg kan fortelja om alle dine gjerningar.
Brev
Lønn for det onde og det gode
2Kor 5,4-10
5:4For vi som er i dette teltet, sukkar under ei tung bør. Vi vil ikkje bli avkledde, men ikledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet. 5Han som har førebudd oss til nettopp dette, er Gud, som har gjeve oss Anden som pant. 6Difor er vi alltid ved godt mot og veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren. 7For vi vandrar i tru, ikkje i syn. 8Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren. 9Difor set vi vår ære i å vera til hugnad for han, anten vi er heime eller borte. 10For vi må alle stå fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få att for det han har gjort i kroppen, anten godt eller vondt.
Evangelium
Å stå opp til livet eller til dom
Joh 5,24-29
5:24Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. 25Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, og han er alt no, då dei døde skal høyre røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva. 26For liksom Faderen har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv. 27Og han har gjeve han makt til å halde dom, fordi han er Menneskesonen. 28Undre dykk ikkje over dette, for det kjem ein time då alle som er i gravene, skal høyre røysta hans 29og kome ut – dei som har gjort det gode, til ei oppstode til liv, men dei som har gjort det vonde, til ei oppstode til dom.