Bots– og bønnedag
GT
Deres misgjerninger skiller
Jes 59,1-4
59:1Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyra hans er ikkje for tungt til å høyra. 2Men misgjerningane dykkar har skilt mellom dykk og Gud dykkar, og syndene dykkar har løynt andletet hans for dykk, så han ikkje høyrer. 3For hendene dykkar er flekka med blod og fingrane dykkar med skuld. Leppene dykkar talar løgn, og tunga dykkar mumlar urett. 4Ingen fører sak med rettferd, og ingen går til retten med sanning. Dei set si lit til tomheit og talar falskheit. Dei svangrar med ulukke og føder vondskap.
Brev
Dersom vi bekjenner våre synder
1Joh 1,8-2,2
1:8Dersom vi seier at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. 9Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd. 10Dersom vi seier at vi ikkje har synda, gjer vi han til løgnar, og ordet hans er ikkje i oss. 2:1Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Og om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Faderen, Jesus Kristus, den rettferdige. 2Og han er soningsofferet for syndene våre, og ikkje berre for våre, men òg for syndene til heile verda.
Evangelium
Fariseeren og tolleren
Luk 18,9-14
18:9Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og forakta dei andre, fortalde han denne likninga: 10«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var ein farisear og den andre ein tollar. 11Farisearen stod for seg sjølv og bad slik: 'Gud, eg takkar deg for at eg ikkje er som andre menneske, som er røvarar, urettferdige og ekteskapsbrytarar, eller som denne tollaren. 12Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg skaffar meg.' 13Men tollaren stod langt borte og ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for brystet og sa: 'Gud, ver meg syndar nådig!' 14Eg seier dykk: Det var denne som gjekk heim rettferdiggjord, ikkje den andre. For kvar den som opphøgjer seg sjølv, skal gjerast låg, og den som gjer seg sjølv låg, skal opphøgjast.»