26. søndag i treenighetstiden
GT
Hvem har gitt mennesket munn?
2Mos 3,10-12; 4,10-16
3:10Gå no! Eg sender deg til farao, så du kan føra folket mitt, israelittane, ut or Egypt.» 11Men Moses sa til Gud: «Kven er vel eg, at eg skulle gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?» 12Gud svara: «Eg skal vera med deg. Og dette skal vera teiknet på at eg har sendt deg: Når du har ført folket ut or Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.» 4:10Moses sa til Herren: «Å, Herre, eg har aldri vore god til å tala, korkje før eller no når du har tala til tenaren din. Eg er tung i munn og mæle.» 11Herren sa til han: «Kven har gjeve mennesket munn? Kven gjer ein stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? 12Gå no! Eg skal vera med munnen din og læra deg kva du skal seia.» 13Men Moses sa: «Å, Herre, send heller ein annan, kven du vil.» 14Då vart Herren sint på Moses og sa: «Har du ikkje ein bror, levitten Aron? Eg veit at han talar godt. Og sjå, no er han på veg for å møta deg, og han vil gleda seg i hjarta når han ser deg. 15Du skal tala til han og leggja orda i munnen hans. Eg skal vera med munnen din og munnen hans og læra dykk kva de skal gjera. 16Han skal tala til folket for deg. Han skal vera munnen din, og du skal vera som Gud for han.
Brev
Jeg viser godhet mot den jeg vil
Rom 9,22-25; 9,12
9:22Og om no Gud, som ville visa sin vreide og kunngjera si makt, med stort tolmod har bore over med vredekar som er laga til undergang, 23og for å kunngjera sin herlegdoms rikdom over miskunnskar, som han på førehand har gjort ferdige til herlegdom – 24det vil seia oss, som han har kalla, ikkje berre frå jødane, men også frå folkeslaga? 25Som han også seier hos Hosea: «Det som ikkje var mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som ikkje var elska, vil eg kalla elska.» 12ikkje på grunn av gjerningar, men på grunn av han som kallar – vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste.»
Evangelium
Mannen som var født blind
Joh 9,1-7; 9,36-38
9:1Då Jesus gjekk forbi, såg han ein mann som hadde vore blind frå fødselen. 2Læresveinane hans spurde han: «Rabbi, kven har synda, han sjølv eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» 3Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda, men det skjedde for at Guds gjerningar skulle bli openberra gjennom han.» 4Vi må gjera gjerningane til han som har sendt meg, så lenge det er dag. Natta kjem, då ingen kan arbeida. 5Så lenge eg er i verda, er eg lyset for verda.» 6Då han hadde sagt dette, spytta han på jorda og laga leire av spyttet. Så smurde han leira på auga til mannen. 7og sa til han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» – Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom tilbake, kunne han sjå. 36Han svara: «Kven er han, Herre, så eg kan tru på han?» 37Jesus sa til han: «Du har sett han. Det er han som talar med deg.» 38«Eg trur, Herre», sa mannen og fall ned og tilbad han.