søndag 21. november 2027

Domssøndag/Kristi kongedag

Rekkje II
GT

Å frykte Herren, det er visdom

Job 28,20-28

28:20Men visdomen – kvar kjem ho frå? Og kvar er staden for forstand? 21Ho er løynd for augo til alle levande, gøymd for fuglane under himmelen. 22Avgrunnen og døden seier: «Med øyro våre har vi høyrt eit rykte om henne.» 23Gud forstår vegen til henne, han kjenner staden hennar. 24For han ser til endane av jorda, han ser alt under himmelen. 25Då han fastsette vekt for vinden og målte ut vatnet, 26då han sette ei lov for regnet og ein veg for toreljomet, 27då såg han visdomen og kunngjorde henne, han grunnfeste henne og granska henne ut. 28Og han sa til mennesket: «Sjå, å frykta Herren, det er visdom, og å vika frå det vonde er forstand.»
Brev

Et liv som er Herren verdig

Kol 1,9-14

1:9Difor har vi heller ikkje halde opp med å be for dykk, heilt frå den dagen vi høyrde om det. Vi bed om at de må bli fylte med kunnskapen om hans vilje, med all visdom og åndeleg innsikt, 10så de kan leva eit liv som er Herren verdig og fullt ut til glede for han, ved at de ber frukt i all god gjerning og veks i kunnskapen om Gud. 11De skal styrkast med all kraft etter hans herlegdoms makt, til all uthald og tolmod, med glede, 12medan de takkar Far, som har gjort dykk verdige til å få del i arven til dei heilage i lyset. 13Han har fria oss ut frå mørkrets makt og flytta oss over til riket åt den Son han elskar. 14I han har vi forløysinga, tilgjevinga for syndene.
Evangelium

Brudepikene

Matt 25,1-13

25:1Då skal himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampane sine og gjekk ut for å møta brudgomen. 2Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. 3Dei uforstandige tok lampane sine, men tok ikkje med seg olje. 4Men dei kloke tok med seg olje i kanner saman med lampane sine. 5Då brudgomen drygde, vart dei alle trøytte og sovna. 6Men midt på natta høyrdest eit rop: 'Sjå, brudgomen kjem! Gå ut og møt han!' 7Då vakna alle brurmøyane og stelte lampane sine. 8Dei uforstandige sa til dei kloke: 'Gjev oss av oljen dykkar, for lampane våre sloknar.' 9Men dei kloke svara: 'Nei, det vil ikkje rekkja til både oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp til dykk sjølve.' 10Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med han inn til bryllaupsfesten, og døra vart stengd. 11Seinare kom også dei andre brurmøyane og sa: 'Herre, herre, lat opp for oss!' 12Men han svara: 'Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.' 13Vak difor, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
← Alle lesetekstar