1. søndag i adventstiden
GT
Lovsang for Herrens frelse
Jes 12,1-6
12:1På den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre, for du var sint på meg, men vreiden din vende, og du trøysta meg. 2Sjå, Gud er mi frelse! Eg er trygg og fryktar ikkje, for Herren Gud er mi kraft og min lovpris, han har vorte mi frelse. 3Med glede skal de ausa vatn or frelseskjeldene. 4På den dagen skal de seia: Takk Herren, rop ut namnet hans! Kunngjer gjerningane hans mellom folka, forkynn at namnet hans er opphøgd! 5Syng for Herren, for han har gjort storverk! Lat dette verta kjent over heile jorda! 6Rop høgt og jubla, du som bur på Sion, for Israels Heilage er stor midt iblant dykk!
Åp
Se, jeg står for døren
Op 3,19-22
3:19Alle eg elskar, refsar eg og tuktar. Ver difor ivrig og vend om! 20Sjå, eg står for døra og bankar. Om nokon høyrer røysta mi og opnar døra, skal eg gå inn til han og halda måltid med han, og han med meg. 21Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på trona mi, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone. 22Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!
Evangelium
Jesus drar inn i Jerusalem
Matt 21,10-17
21:10Då han kom inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 12Jesus gjekk inn i tempelet og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, 13og han sa til dei: «Det står skrive: Huset mitt skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.» 14I tempelet kom det blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15Men då overprestane og dei skriftlærde såg dei undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i tempelet: «Hosianna, Davids son!» vart dei harme 16og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» Jesus svara: «Ja. Har de aldri lese: Frå munnen til småborn og spedborn har du late lovprising lyda?» 17Så forlét han dei og gjekk ut av byen til Betania, og der overnatta han.