2. søndag i adventstiden
GT
Herrens fjell i de siste dager
Jes 2,1-5
2:1Ordet som Jesaja, son til Amots, såg om Juda og Jerusalem: 2I dei siste dagane skal det henda at fjellet der Herrens hus står, skal vera grunnfesta på toppen av fjella og lyftast opp over haugane. Alle folkeslag skal strøyma dit. 3Mange folk skal gå av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud! Han skal læra oss vegane sine, så vi kan ferdast på stigane hans.» For frå Sion skal læra gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem. 4Han skal døma mellom folkeslaga og skipa rett for mange folk. Dei skal smia sverda sine om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Ikkje skal folkeslag lyfta sverd mot folkeslag, og dei skal ikkje lenger læra seg krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss ferdast i lyset frå Herren!
Brev
Bare en kort stund
Hebr 10,35-39
10:35Så kast ikkje bort frimodet dykkar, for det har stor løn. 36For de treng uthald, så de kan gjera Guds vilje og få det som er lova. 37For om ei lita stund kjem han som skal koma, og han skal ikkje drøya. 38«Min rettferdige skal leva ved tru, men trekkjer han seg unna, har ikkje sjela mi hugnad i han.» 39Men vi er ikkje av dei som trekkjer seg unna og går til grunne, men av dei som trur og vinn sjela si.
Evangelium
Angst og glede
Joh 16,21-24
16:21Når ei kvinne føder, har ho smerte, fordi timen hennar er komen. Men når ho har fødd barnet, hugsar ho ikkje trengsla lenger, på grunn av gleda over at eit menneske er fødd til verda. 22Slik har òg de sorg no. Men eg skal sjå dykk att, og hjarta dykkar skal gleda seg, og gleda dykkar skal ingen ta frå dykk. 23Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Alt de bed Faderen om i mitt namn, skal han gje dykk. 24Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, og de skal få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.