søndag 12. desember 2027

3. søndag i adventstiden

Rekkje III
Brev

Profetordet

2Pet 1,19-21

1:19Og vi har det profetiske ordet, som er endå fastare. De gjer vel i å gje akt på det som ei lampe som skin på ein skuggestad, til dagen lyser fram og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. 20Framfor alt skal de vita dette: Inga profeti i Skrifta kjem til av eiga tyding. 21For aldri vart nokon profeti boren fram ved menneskevilje, men menneske tala frå Gud, drivne av Den heilage ande.
Evangelium

Gjerningene vitner om meg

Joh 5,31-36

5:31Om eg vitnar om meg sjølv, er vitnemålet mitt ikkje sant. 32Det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at det vitnemålet han gjev om meg, er sant. 33De sende bod til Johannes, og han har vitna om sanninga. 34Eg tek ikkje imot vitnemål frå menneske, men eg seier dette så de kan bli frelste. 35Han var ei lampe som brann og lyste, og ei stund ville de glede dykk i lyset hans. 36Men eg har eit vitnemål som er større enn det Johannes gav. For dei gjerningane Faderen har gjeve meg å fullføre, desse gjerningane som eg gjer, vitnar om meg at Faderen har sendt meg.
← Alle lesetekstar