4. søndag i adventstiden
GT
Han jubler over deg med fryd
Sef 3,14-17
3:14Syng av glede, dotter Sion! Rop høgt, Israel! Gled deg og jubla av heile ditt hjarte, dotter Jerusalem! 15Herren har teke bort dommane over deg, han har rydda bort fienden din. Herren, Israels konge, er midt i deg, du skal ikkje lenger frykta noko vondt. 16På den dagen skal det seiast til Jerusalem: «Ver ikkje redd, Sion! Lat ikkje hendene dine siga ned!» 17Herren din Gud er midt i deg, ein mektig helt som frelser. Han gleder seg over deg med fryd, han er stille i sin kjærleik, han jublar over deg med lovsong.
Brev
Løftenes ja og amen
2Kor 1,18-22
1:18Men Gud er trufast: Ordet vårt til dykk er ikkje «ja» og «nei». 19For Guds Son, Jesus Kristus, som vart forkynt mellom dykk ved oss – ved meg, Silvanus og Timoteus – han var ikkje «ja» og «nei», men i han er det berre «ja». 20For alle Guds lovnader har fått sitt «ja» i han. Difor seier vi òg «amen» gjennom han, Gud til ære ved oss. 21Men den som grunnfester oss saman med dykk i Kristus og har salva oss, det er Gud, 22han som òg har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden som pant i hjarta våre.
Evangelium
Budskapet til Josef
Matt 1,18-25
1:18Med Jesu Kristi fødsel gjekk det slik til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage Ande. 19Josef, mannen hennar, var ein rettferdig mann og ville ikkje føra skam over henne. Difor sette han seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20Medan han tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage Ande. 21Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22Alt dette hende for at det skulle oppfyllast som Herren har tala gjennom profeten: 23«Sjå, jomfrua skal verta med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel» – det tyder: Gud med oss. 24Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som engelen frå Herren hadde bode han, og tok Maria heim til seg som kona si. 25Men han låg ikkje med henne før ho hadde fødd ein son. Og han gav han namnet Jesus.