Stefanusdag/2. juledag
GT
Nå er det ute med meg
Klag 3,52-57
3:52Fiendane mine jakta på meg som ein fugl, utan grunn. 53Dei ville gjera ende på livet mitt i grava og kasta stein på meg. 54Vatnet steig over hovudet mitt, eg sa: «Eg er fortapt!» 55Eg ropa på ditt namn, Herre, frå den djupaste grava. 56Du høyrde røysta mi. Lat ikkje øyret ditt vera lukka for mi lette, mitt rop om hjelp! 57Du kom nær den dagen eg ropa på deg, du sa: «Ottast ikkje!»
Brev
Kjemp for evangeliet
Fil 1,27-30
1:27Lev berre eit liv som er verdig Kristi evangelium, så eg, anten eg kjem og ser dykk eller er borte, kan høyra om dykk at de står fast i éin ande, og med eitt sinn kjempar saman for trua på evangeliet, 28og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn for dei på fortaping, men for dykk på frelse, og det frå Gud. 29For de har fått den nåden, for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han. 30De står i same kampen som de såg eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.
Evangelium
De skal støte dere ut
Joh 16,1-4a
16:1Dette har eg sagt dykk for at de ikkje skal falla frå. 2Dei skal støyta dykk ut frå synagogane. Ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, skal meina at han ber fram eit offer til Gud. 3Og dette skal dei gjera fordi dei ikkje kjenner Faderen og heller ikkje meg. 4aMen dette har eg sagt dykk, så de skal minnast det når tida kjem, at eg sa det til dykk.