laurdag 1. januar 2028

Nyttårsdag/Jesu navnedag

Rekkje III
Salme

Hans herlige navn

Sal 72,17-19

72:17Lat namnet hans vara til evig tid, lat det halda fram så lenge sola skin. Lat alle folk velsigna seg i han, lat alle nasjonar prisa han sæl. 18Velsigna vere Herren Gud, Israels Gud, han som åleine gjer under. 19Velsigna vere hans herlege namn til evig tid! Lat heile jorda fyllast av hans herlegdom! Amen og amen.
Brev

Rik nok for alle

Rom 10,8b-13

10:8b«Ordet er nær deg, i munnen din og i hjarta ditt.» 9For om du med munnen din vedkjenner at Jesus er Herre, og i hjarta ditt trur at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10For med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen vedkjenner ein til frelse. 11For Skrifta seier: «Kvar den som trur på han, skal ikkje bli gjort til skamme.» 12For det er ingen skilnad mellom jøde og grekar. Den same Herren er Herre over alle og rik mot alle som kallar på han. 13For kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
Evangelium

Samlet i mitt navn

Matt 18,19-20

18:19Atter seier eg dykk: Om to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det så er, skal dei få det av Far min i himmelen. 20For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.»
← Alle lesetekstar