Kristi åpenbaringsdag
GT
Min frelse varer fra slekt til slekt
Jes 51,4-8
51:4For lov skal gå ut frå meg, og mi rettferd skal eg i eit no setja som lys for folka. 5Mi rettferd er nær, mi frelse har gått ut, og armane mine skal døma folka. Øyane ventar på meg, og på armen min set dei si von. 6Lyft augo dykkar mot himmelen, og sjå på jorda der nede! For himmelen skal løysast opp som røyk, og jorda skal slitast ut som eit klesplagg, og dei som bur der, skal døy på same vis. Men mi frelse skal vara til evig tid, og mi rettferd skal aldri forgå. 7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, de folk som har mi lov i hjartet! Ver ikkje redde for spott frå menneske, og lat dykk ikkje skremma av hånorda deira. 8For møll skal eta dei opp som eit klesplagg, og makk skal eta dei som ull. Men mi rettferd skal vara til evig tid, og mi frelse frå slekt til slekt.
Brev
Kristi herlighet
2Kor 4,1-6
4:1Difor, sidan vi har denne tenesta fordi vi fekk miskunn, mistar vi ikkje motet. 2Vi har sagt frå oss alt som er løynt og skammeleg. Vi fer ikkje med svik og forfalskar ikkje Guds ord, men ved å openberra sanninga anbefaler vi oss for kvart menneske sitt samvit framfor Gud. 3Er evangeliet vårt tildekt, så er det tildekt for dei som går fortapt. 4For denne verda sin gud har blinda sinna til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5For vi forkynner ikkje oss sjølve, men Kristus Jesus som Herre, og oss sjølve som tenarane dykkar for Jesu skuld. 6For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram or mørkret,» han har late lyset stråla i hjarto våre, så vi kan sjå lyset frå kunnskapen om Guds herlegdom i Kristi andlet.
Evangelium
Som lys er jeg kommet til verden
Joh 12,42-47
12:42Likevel var det mange, jamvel av rådsherrane, som trudde på han. Men på grunn av farisearane vedkjende dei seg ikkje til det, så dei ikkje skulle verta utstøytte frå synagogen. 43For dei elska ære frå menneske meir enn ære frå Gud. 44Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg. 45Og den som ser meg, ser han som sende meg. 46Eg har kome som lys til verda, så ingen som trur på meg, skal vera i mørkret. 47Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, han dømer ikkje eg. For eg kom ikkje for å døma verda, men for å frelsa verda.