søndag 16. januar 2028

3. søndag i åpenbaringstiden

Rekkje III
GT

Jeg er den jeg er

2Mos 3,13-15

3:13Moses sa til Gud: «Når eg kjem til israelittane og seier til dei: 'Gud til fedrane dykkar har sendt meg til dykk', og dei spør meg: 'Kva er namnet hans?' – kva skal eg då svara dei?» 14Gud sa til Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du seia til israelittane: 'Eg er' har sendt meg til dykk.» 15Gud sa vidare til Moses: «Slik skal du seia til israelittane: Herren, Gud til fedrane dykkar, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er namnet mitt til evig tid, og slik skal eg minnast frå slekt til slekt.
Brev

For oss er det én Gud

1Kor 8,5-6

8:5For sjølv om det finst såkalla gudar, anten i himmelen eller på jorda – og det er jo mange gudar og mange herrar – 6så har vi berre éin Gud, Faderen, som alle ting er frå, og vi er til for han. Og vi har éin Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og vi lever ved han.
Evangelium

Han har vist oss hvem Gud er

Joh 1,15-18

1:15Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, har gått framom meg, for han var før meg.» 16For av hans fullnad har vi alle fått, nåde over nåde. 17For lova vart gjeven gjennom Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, han som er ved bringa åt Far, han har kunngjort han.
← Alle lesetekstar