4. søndag i åpenbaringstiden
GT
Stakkaren og skaperen
Ordt 14,21-22; 14,25; 14,31
14:21Den som foraktar sin neste, syndar, men sæl er den som er god mot dei fattige. 22Fer ikkje dei som planlegg vondt, vill? Men dei som planlegg godt, møter truskap og miskunn. 25Eit sant vitne bergar liv, men den som andar ut løgner, er ein bedragar. 31Den som undertrykkjer den fattige, hånar skaparen hans, men den som er god mot den trengande, ærar han.
Brev
At Kristus skal bli opphøyd
Fil 1,20
1:20Det er mi inderlige venting og mitt håp at eg ikkje skal bli til skamme i noko, men at Kristus no som alltid skal bli opphøgd i kroppen min med alt frimod, anten det skjer ved liv eller ved død.
Evangelium
Jesus helbreder en kvinne
Luk 13,10-17
13:10Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. 11Der var det ei kvinne som hadde hatt ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokbøygd og kunne ikkje retta seg opp. 12Då Jesus såg henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.» 13Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. 14Men synagogeforstandaren vart harm fordi Jesus lækte på sabbaten, og sa til folket: «Det er seks dagar til å arbeida. Kom då og bli lækte, og ikkje på sabbatsdagen!» 15Men Herren svara han: «Hyklarar! Løyser ikkje kvar og ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier det ut så det får drikka? 16Men denne kvinna, ei dotter av Abraham, som Satan har halde bunden i atten år – skulle ikkje ho løysast frå dette bandet på sabbatsdagen?» 17Då han sa dette, vart alle motstandarane hans til skamme, men heile folkemengda gledde seg over alle dei herlege gjerningane han gjorde.