søndag 13. februar 2028

Såmannssøndag

Rekkje III
GT

Du skal elske Herren din Gud

5Mos 6,1-9

6:1Dette er bodet, forskriftene og lovene som Herren, dykkar Gud, har pålagt meg å læra dykk, så de kan leva etter dei i det landet de no dreg over til for å ta det i eige. 2Dette er for at du skal frykta Herren din Gud og halda alle hans forskrifter og bod som eg gjev deg – du, sonen din og sonesonen din – alle dagar i livet ditt, så du får leva lenge. 3Høyr, Israel, og ver nøye med å gjera det, så det kan gå deg vel og de kan bli eit stort folk, slik Herren, din fedregud, har lova deg – i eit land som fløymer av mjølk og honning. 4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5Du skal elska Herren din Gud av heile hjarta ditt og av heile sjela di og av all makta di. 6Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8Du skal binda dei som eit teikn på handa di, og dei skal vera som eit merke på panna di. 9Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.
Brev

Du vet hvem du har lært av

2Tim 1,1-5; 3,14-17

1:1Paulus, apostel for Kristus Jesus etter Guds vilje, med lovnaden om livet i Kristus Jesus, 2til Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud Far og Kristus Jesus, vår Herre. 3Eg takkar Gud, som eg tener med reint samvit slik forfedrane mine gjorde, for at eg utan opphald hugsar på deg i bønene mine, natt og dag. 4Eg lengtar etter å sjå deg, og når eg hugsar tårene dine, ønskjer eg å bli fylt av glede. 5Eg kjem i hug den oppriktige trua di, den som først budde i mormor di Lois og i mor di Eunike. Eg er overtydd om at ho òg bur i deg. 3:14Men du skal bli verande i det du har lært og er blitt overtydd om, for du veit kven du har lært det frå. 15Og du veit at du heilt frå du var eit lite barn har kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16Heile Skrifta er innånda av Gud og nyttig til opplæring, til tilrettevisning, til betring og til oppseding i rettferd, 17så det mennesket som høyrer Gud til, kan vera fullkome, fullt utrusta til all god gjerning.
Evangelium

Ugresset i hveten

Matt 13,24-30

13:24Ei anna likning la han fram for dei og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som sådde godt såkorn i åkeren sin. 25Men medan folka sov, kom fienden hans og sådde ugras mellom kveiten og gjekk bort. 26Då grøda voks opp og sette aks, synte ugraset seg òg. 27Tenarane til husbonden kom då til han og sa: 'Herre, var det ikkje godt såkorn du sådde i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?' 28Han svara: 'Ein fiende har gjort dette.' Tenarane sa til han: 'Vil du at vi skal gå og samla det inn?' 29'Nei,' sa han, 'for når de samlar ugraset, kan de koma til å riva opp kveiten saman med det. 30Lat begge veksa saman fram til hausten. Og når hausten kjem, vil eg seia til haustfolka: Samla først ugraset og bind det i buntar til å brennast. Men kveiten skal de samla inn i løa mi.'»
← Alle lesetekstar