Kristi forklarelsesdag
GT
Det strålte av ansiktet hans
2Mos 34,27-35
34:27Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda! For på grunnlag av desse orda har eg gjort ei pakt med deg og med Israel.» 28Moses var der hos Herren i førti dagar og førti netter utan å eta brød eller drikka vatn. Og han skreiv på tavlene paktens ord, dei ti boda. 29Då Moses steig ned frå Sinai-fjellet med dei to vitnemålstavlene i handa, visste han ikkje at huda i andletet hans stråla fordi han hadde tala med Herren. 30Aron og alle israelittane såg Moses, og sjå, huda i andletet hans stråla. Då var dei redde for å koma nær han. 31Men Moses ropa på dei, og Aron og alle leiarane i forsamlinga kom tilbake til han, og Moses tala til dei. 32Deretter kom alle israelittane nær, og han baud dei alt det Herren hadde sagt til han på Sinai-fjellet. 33Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet. 34Men kvar gong Moses gjekk inn for Herrens åsyn for å tala med han, tok han sløret av til han kom ut att. Når han kom ut, fortalde han israelittane det han hadde fått påbod om. 35Då såg israelittane at huda i andletet til Moses stråla. Så la Moses sløret over andletet att, til han gjekk inn for å tala med Herren.
Brev
Moses la et slør over ansiktet
2Kor 3,12-18
3:12Sidan vi då har eit slikt håp, talar vi med stort frimod. 13Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet sitt, så Israels born ikkje skulle sjå enden på det som skulle bli borte. 14Men sinna deira vart forherde. For heilt til denne dag ligg det same sløret over lesinga av den gamle pakta utan å bli avdekt, for det er i Kristus det blir teke bort. 15Ja, heilt til i dag ligg eit slør over hjarta deira når Moses blir lesen. 16Men når nokon vender om til Herren, blir sløret teke bort. 17Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18Men vi alle, som med avdekt andlet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, blir omdanna til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom, som av Herren, som er Anden.
Evangelium
Disiplene får se Jesu herlighet
Luk 9,28-36
9:28Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. 29Medan han bad, vart andletet hans forandra, og kleda hans vart kvite og blenkjande. 30Og sjå, to menn samtala med han. Det var Moses og Elia. 31Dei synte seg i herlegdom og tala om utgangen hans, som han skulle fullføra i Jerusalem. 32Peter og dei som var med han, var tyngde av søvn. Men då dei vakna heilt, såg dei herlegdomen hans og dei to mennene som stod saman med han. 33Då mennene skulle skiljast frå han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Han visste ikkje kva han sa. 34Medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei. Dei vart redde då dei kom inn i skya. 35Og det kom ei røyst frå skya: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr på han!» 36Då røysta lydde, var Jesus åleine att. Læresveinane tagde og fortalde i den tida ikkje til nokon det dei hadde sett.