søndag 27. februar 2028

Fastelavnssøndag

Rekkje III
GT

Herrens lidende tjener

Jes 52,13-15

52:13Sjå, tenaren min skal handla med visdom, han skal lyftast opp og opphøgast og vera svært høg. 14Liksom mange vart forfærda over han – så vanstelt var utsjånaden hans, meir enn nokon mann, og skapnaden hans meir enn menneskeborn – 15slik skal han overraska mange folkeslag. Kongar skal tia stille for han, for det som aldri har vore fortalt dei, skal dei sjå, og det dei aldri har høyrt, skal dei forstå.
Brev

Løsepenge for alle

1Tim 2,1-6a

2:1Først av alt oppmodar eg til at det blir bore fram bøner, påkallingar, forbøner og takkseiingar for alle menneske. 2for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv i all gudsfrykt og ærbarheit. 3Dette er godt og velbehageleg framfor Gud, vår frelsar, 4som vil at alle menneske skal bli frelste og koma til erkjenning av sanninga. 5For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus, 6ahan som gav seg sjølv som løysepenge for alle – vitnemålet til rett tid.
Evangelium

Se vi går opp til Jerusalem

Luk 18,31-34

18:31Han tok dei tolv med seg og sa til dei: «Sjå, vi går opp til Jerusalem, og alt det som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. 32For han skal overgjevast til heidningfolka og bli håna og mishandla og spytta på. 33Dei skal piska han og slå han i hel, og på den tredje dagen skal han stå opp att.» 34Men dei skjøna ikkje noko av dette. Desse orda var løynde for dei, og dei forstod ikkje det som vart sagt.
← Alle lesetekstar