2. søndag i fastetiden
GT
Søk Herren
Jes 55,1-7
55:1Å, alle de som tørstar, kom til vatnet! Og de som ikkje har pengar, kom, kjøp og et! Ja, kom og kjøp utan pengar, utan betaling, både vin og mjølk! 2Kvifor brukar de pengar på det som ikkje er brød, og strevet dykkar på det som ikkje mettar? Høyr på meg, så skal de få eta det som godt er, og fryda dykk over feite retter. 3Bøy øyra dykkar hit og kom til meg! Høyr, så skal sjela dykkar leva! Eg vil gjera ei evig pakt med dykk, den trufaste nåden eg lova David. 4Sjå, eg har sett han til eit vitne for folka, til ein leiar og ein som byd over folkeslaga. 5Sjå, du skal kalla på eit folkeslag du ikkje kjenner, og eit folkeslag som ikkje kjenner deg, skal springa til deg, for Herren din Guds skuld, for Israels Heilage, for han har herleggjort deg. 6Søk Herren medan han er å finna, kall på han medan han er nær! 7Lat den ugudelege forlata vegen sin og illgjerningsmannen tankane sine! Lat han venda om til Herren, så skal han miskunna seg over han, til vår Gud, for han tilgjev rikeleg.
Brev
Tålmodighet i tjenesten
2Kor 6,1-10
6:1Som medarbeidarar formaner vi dykk òg om ikkje å ta imot Guds nåde til inga nytte. 2For han seier: «I den rette tida bønhøyrde eg deg, og på frelsesdagen hjelpte eg deg.» Sjå, no er den rette tida! Sjå, no er frelsesdagen! 3Vi gjev ikkje nokon grunn til støyt i noko, så ikkje tenesta vår skal bli vanæra. 4Nei, i alt viser vi oss som Guds tenarar: med stort tolmod, i trengsler, i naud, i vanskelege tider, 5under slag, i fengsel, i uro, i hardt arbeid, i nattevaking, i faste, 6i reinleik, i kunnskap, i langmod, i godleik, i Den Heilage Ande, i ekte kjærleik, 7i sanningsord, i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand, 8gjennom ære og vanære, gjennom vondord og godord – som forførarar, men sannferdige, 9som ukjende, men likevel velkjende, som døyande – og sjå, vi lever! – som tukta, men ikkje drepne, 10som sorgfulle, men alltid glade, som fattige, men vi gjer mange rike, som dei som ingenting har, men likevel eig alt.
Evangelium
Den trange dør
Luk 13,22-30
13:22Han drog gjennom byar og landsbyar, underviste og heldt fram mot Jerusalem. 23Då var det ein som spurde han: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: 24«Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! For mange, seier eg dykk, skal prøva å koma inn, men ikkje klara det. 25Når husherren først har reist seg og stengt døra, og de står utanfor og bankar på og seier: 'Herre, lat opp for oss!' – då skal han svara dykk: 'Eg veit ikkje kvar de er ifrå.' 26Då skal de seia: 'Vi åt og drakk framfor deg, og du underviste på gatene våre.' 27Men han skal svara: 'Eg seier dykk: Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!' 28Der skal det vera gråt og tenners gnissing, når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men sjølve blir kasta utanfor. 29Og dei skal koma frå aust og vest, frå nord og sør, og sitja til bords i Guds rike. 30Og sjå, nokre av dei siste skal bli dei første, og nokre av dei første skal bli dei siste.»