søndag 19. mars 2028

3. søndag i fastetiden

Rekkje III
GT

Satan anklager Josva

Sak 3,1-5

3:1Så viste han meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel. Satan stod ved høgre sida hans for å føra klagemål mot han. 2Herren sa til Satan: «Måtte Herren refse deg, Satan! Måtte Herren, som har valt ut Jerusalem, refse deg! Er ikkje denne mannen ein brannstikke som er rykt ut or elden?» 3Josva var kledd i skitne klede medan han stod framfor engelen. 4Engelen tok til orde og sa til dei som stod framfor han: «Ta dei skitne kleda av han!» Så sa han til Josva: «Sjå, eg har teke bort syndeskulda di frå deg og kler deg i høgtidsklede.» 5Då sa eg: «Lat dei setja ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette den reine turbanen på hovudet hans og kledde han i klede, medan Herrens engel stod der.
Brev

En torn i kroppen

2Kor 12,7-10

12:7Og på grunn av dei overlag store openberringane, for at eg ikkje skulle bli hovmodig, vart det gjeve meg ein torn i kjøtet, ein Satans engel, for å slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. 8Om dette bad eg Herren tre gonger at det måtte vika frå meg. 9Men han sa til meg: «Nåden min er nok for deg, for krafta mi vert fullenda i veikskap.» Difor vil eg heller med glede rosa meg av mine veikskapar, så Kristi kraft kan bu over meg. 10Difor er eg vel nøgd med veikskapar, med vanære, med naud, med forfølgingar og trengsler for Kristi skuld. For når eg er veik, då er eg sterk.
Evangelium

Jeg ba for deg

Luk 22,28-34

22:28De er dei som har halde ut med meg i prøvingane mine. 29Og eg gjev dykk eit rike, slik som Far min har gjeve meg eit rike, 30så de skal eta og drikka ved bordet mitt i riket mitt, og de skal sitja på troner og døma dei tolv stammane i Israel.» 31«Simon, Simon! Satan har kravd å få sikta dykk som kveite. 32Men eg har bede for deg at trua di ikkje skal svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.» 33Peter sa til han: «Herre, eg er klar til å gå med deg både i fengsel og i døden.» 34Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i dag før du tre gonger har nekta for at du kjenner meg.»
← Alle lesetekstar