4. søndag i fastetiden
GT
Herren ledet i ørkenen
5Mos 8,2-3
8:2Du skal koma i hug heile den vegen Herren din Gud har ført deg desse førti åra i øydemarka, for å audmjuka deg og setja deg på prøve, så han kunne vita kva som var i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. 3Han audmjuka deg og lét deg svelta, og så gav han deg manna å eta, ei mat som korkje du eller fedrane dine kjende. Dette gjorde han for å læra deg at mennesket ikkje lever av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.
Brev
Vin og brød gir del i Kristus
1Kor 10,16-17
10:16Velsigningsbegeret som vi velsignar, er det ikkje fellesskap med Kristi blod? Brødet som vi bryt, er det ikkje fellesskap med Kristi lekam? 17Fordi det er eitt brød, er vi éin lekam, enda vi er mange. For vi har alle del i det eine brødet.
Evangelium
Jeg er livets brød
Joh 6,24-36
6:24Då folkemengda såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og kom til Kapernaum for å leita etter Jesus. 25Då dei fann han på den andre sida av sjøen, sa dei til han: «Rabbi, når kom du hit?» 26Jesus svara dei og sa: «Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: De leitar etter meg, ikkje fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27Arbeid ikkje for den maten som forgår, men for den maten som varer til evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Far, sett sitt segl.» 28Då sa dei til han: «Kva skal vi gjera for å gjera Guds gjerningar?» 29Jesus svara og sa til dei: «Dette er Guds gjerning: at de trur på han som Gud har sendt.» 30Då sa dei til han: «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå og tru deg? Kva gjer du? 31Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Han gav dei brød frå himmelen å eta.» 32Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg seier eg dykk: Det var ikkje Moses som gav dykk brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33For Guds brød er han som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34Då sa dei til han: «Herre, gjev oss alltid dette brødet.» 35Jesus sa til dei: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tørsta. 36Men eg har sagt dykk at de har sett meg og likevel ikkje trur.