måndag 17. april 2028

2. påskedag

Rekkje III
GT

Jeg vender deres sorg til fryd

Jer 31,9-13

31:9Med gråt skal dei koma, og med bøner skal eg leia dei. Eg fører dei til rennande bekker, på ein jamn veg der dei ikkje skal snubla. For eg er ein far for Israel, og Efraim er min førstefødde. 10Høyr Herrens ord, de folkeslag, forkynn det til øyane langt borte og sei: Han som spreidde Israel, skal samla dei att og vakta dei som ein gjetar vaktar flokken sin. 11For Herren har løyst ut Jakob og fria han frå handa til den som var sterkare enn han. 12Dei skal koma og jubla på Sion-høgda og strøyma til Herrens gode gåver: korn, ny vin og olje, lam og storfe. Sjela deira skal vera som ein vassrik hage, og dei skal aldri meir syta. 13Då skal jomfrua gleda seg i dansen, unge menn og gamle i lag. Eg skal venda sorga deira til fryd, trøysta dei og gje dei glede i staden for sorg.
Brev

En ny skapning

2Kor 5,14-19

5:14For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi har kome til den slutninga at éin døydde for alle, og difor har alle døydd. 15Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. 16Difor kjenner vi frå no av ingen etter kjøtet. Sjølv om vi har kjent Kristus etter kjøtet, kjenner vi han ikkje lenger slik. 17Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte. Sjå, alt har vorte nytt! 18Men alt dette er frå Gud, som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19For det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har betrudd oss forsoningsordet.
Evangelium

Jesus og Maria Magdalena

Joh 20,11-18

20:11Men Maria stod utanfor grava og gret. Medan ho gret, bøygde ho seg fram og såg inn i grava. 12Då såg ho to englar i kvite klede som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13Dei sa til henne: «Kvinne, kvifor græt du?» Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der, men ho skjøna ikkje at det var Jesus. 15Jesus sa til henne: «Kvinne, kvifor græt du? Kven leitar du etter?» Ho trudde det var gartnaren og sa til han: «Herre, om det er du som har bore han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så skal eg henta han.» 16Jesus sa til henne: «Maria!» Ho snudde seg og sa til han på hebraisk: «Rabbuni!» – det tyder Meister. 17Jesus sa til henne: «Ikkje rør ved meg, for eg har enno ikkje fare opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei: Eg fer opp til Far min og Far dykkar, til min Gud og dykkar Gud.» 18Maria Magdalena gjekk og fortalde læresveinane: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei det han hadde sagt til henne.
← Alle lesetekstar