2. søndag i påsketiden
GT
Jeg skaper lyset og mørket
Jes 45,5-8
45:5Eg er Herren, og det finst ingen annan. Utanom meg finst det ingen Gud. Eg rusta deg, endå du ikkje kjende meg, 6så dei skal kjenna frå soloppgang til solnedgang at det ingen er utanom meg. Eg er Herren, og det finst ingen annan. 7Eg formar lyset og skapar mørkret, eg gjer fred og skapar ulukke. Eg, Herren, gjer alt dette. 8Lat jorda opna seg så frelse spirer fram, og lat rettferd gro opp med henne. Eg, Herren, har skapt det.
eller
Apostlane
Løftet om Ånden
Apg 1,1-5
1:1I den første boka mi skreiv eg om alt det Jesus tok til å gjera og læra, Teofilus, 2heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen, etter at han ved Den Heilage Ande hadde gjeve påbod til apostlane han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide, synte han seg levande for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om Guds rike. 4Medan han åt saman med dei, baud han dei at dei ikkje skulle fara bort frå Jerusalem, men venta på det Faderen hadde lova, det som de har høyrt om frå meg. 5For Johannes døypte med vatn, men de skal bli døypte med Den Heilage Ande om ikkje mange dagar.
Brev
Et levende håp
1Pet 1,3-9
1:3Lova vere Gud, Far til vår Herre Jesus Kristus! I si store miskunn har han fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4til ein arv som ikkje kan øydeleggjast, ikkje smittast og ikkje visna. Ho er teken vare på i himmelen for dykk, 5de som ved Guds kraft blir verna gjennom tru, til ei frelse som ligg ferdig til å bli openberra i den siste tid. 6Difor jublar de, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, lid sorg gjennom mange slags prøvingar. 7Slik blir trua dykkar prøvd. Ho er meir verdifull enn gull, som forgår endå det blir prøvd i eld. Trua skal visa seg til lov, herlegdom og ære når Jesus Kristus blir openberra. 8Endå de ikkje har sett han, elskar de han. Endå de no ikkje ser han, trur de på han og jublar med ei useieleg og herleggjord glede, 9for de når målet for trua dykkar: frelse for sjelene.
Evangelium
Jesus og Tomas
Joh 20,24-31
20:24Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei då Jesus kom. 25Dei andre læresveinane sa til han: «Vi har sett Herren!» Men han sa til dei: «Om eg ikkje får sjå naglemerkja i hendene hans og leggja fingeren min i naglemerkja og leggja handa mi i sida hans, vil eg ikkje tru.» 26Åtte dagar seinare var læresveinane igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengte. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 27Så sa han til Tomas: «Kom med fingeren din hit og sjå hendene mine. Kom med handa di og legg henne i sida mi. Ver ikkje vantru, men truande!» 28Tomas svara og sa til han: «Min Herre og min Gud!» 29Jesus sa til han: «Fordi du har sett meg, trur du? Sæle er dei som ikkje ser og likevel trur.» 30Jesus gjorde også mange andre teikn for auga på læresveinane sine, teikn som ikkje er skrivne i denne boka. 31Men dette er skrive for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de ved trua skal ha liv i hans namn.